Ledig stilling - sjukepleiar ved Selje/Hasletunet

Ledig stilling - sjukepleiar ved Selje/Hasletunet

Vi har ledig stilling ved Selje/Hasletunet, Volda omsorgssenter. Dette er ei 100 % fast stilling for sjukepleiar, men autorisert vernepleiar kan også søke. Søknadsfristen er 16. juni.

Bilete av Volda omsorgssenter sett frå utsida - Klikk for stort bilete Volda kommune

 

Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Autorisert vernepleiar kan også søke.

Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.

Vi har ledig 100 % fast stilling på langtidsavdeling for demente på Volda omsorgssenter.

Vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet
  • Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem
  • Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar
  • Omsorg ved livets slutt
  • Tett pårørande samarbeid
  • Rettleiing av kollega, studentar og elevar
  • Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
  • Fokus på aktivitet og sosialisering

 

Søk på stillinga (Webcruiter)

Kontakt

Ann-Sølvi Heltne
avdelingsleiar
E-post
Mobil 91 14 48 63
Merve Ekip
seksjonsleder
E-post
Mobil 96 01 44 61