Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar. Behova er enno ikkje fullt ut definerte, og søkarane vil vere aktuelle kandidatar heilt fram til skulestart.
Det vil og truleg vere behov for fleirspråklege tilsette med anna morsmål enn norsk.
Sektor oppvekst sin visjon er:
Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.
Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I skulane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.
Skulane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, barnehage, kulturskule og vaksenopplæring er skuledrifta ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.
Du må kunne identifisere deg med og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:
RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE
Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.
Søknadsfrist: 20.04.25
Les meir og søk på stillinga her