Ledige stillingar innan helse og omsorg

Ledige stillingar innan helse og omsorg

Vil du ha ein meiningsfull jobb saman med gode kollegaer? 

I Volda kommune har vi mange ledige stillingar, særskilt innan helse og omsorg. Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. 

Om du er på jakt etter ny jobb eller kanskje du er student som har bruk for litt inntekt for å spe på studielånet?

Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar, miljøterapeutar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.

Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. 
 

Bilete av Volda omsorgssenter sett frå utsida - Klikk for stort bilete Volda kommune

Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:

  • Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
  • Heimetenester (Heimesjukepleia og døgnbemanna omsorgsbustadar)Rus og psykisk helseteneste 
  • Bu og habilitering 

 

Vi har også fleire ledige faste stillingar. 

Her finn du oversikt over ledige stillingar i Volda kommune.