Leiar for symjeanlegget

Leiar for symjeanlegget

Solveig Storeide (46) frå Volda er no tilsett som leiar for det nye symjeanlegget i Volda kommune. 

Solveig Storeide  - Klikk for stort bilete Privat

Solveig har ein allsidig bakgrunn, med ein bachelorgrad som sosionom og vidareutdanning innan friluftsliv, idrett og kroppsøving. Ho har lang erfaring med dagleg drift innan idretten, inkludert dei siste åra for Volda handballklubb og tidlegare åtte år i Volda Turn og Idrottslag Fotball.

Med Solveig får Volda kommune ein engasjert leiar som verkeleg brenn for lokal samfunnsutvikling og trivsel. 

– "Eg gler meg svært til å kunne bidra til positiv aktivitet, inkludering, engasjement og folkehelse," seier Solveig.

Kulturleiar Kristina Bjørdal Kostopoulos og kommunalsjef Jarl Martin Møller er svært nøgd med tilsettinga av Solveig Storeide. 

– "Solveig sitt store engasjement og lange erfaring med tilrettelegging, systematisering og målretta arbeid innan idrettsmiljøet i Volda, vil vere ein stor styrke i arbeidet med etableringa av det nye symjeanlegget. Vi gler oss veldig til å få ho som kollega på kulturavdelinga».

Solveig skal starte i stillinga i 50% fra 1. mars og 100% fra 1. april. Badeanlegget skal stå ferdig til jul i år. 

Gratulerer med tilsetting i nyoppretta stilling i Volda kommune. Vi ønskjer velkomen som tilsett i kommunen og lukke til med dei nye oppgåvene.