Leverandør av kinostolar på plass

Leverandør av kinostolar på plass

Det er valt leverandør av kinostolar til den nye kinosalen på Volda samfunnshus. Stolane får armlene, koppehaldarar og samanleggbare bordplater.

Etter ein anbudskonkurranse har vi no valt leverandør av kinostoler til den nye kinosalen ved Volda filmteater. Holmfris FormFunk leverte det beste tilbodet og gjekk difor av med sigeren i konkurransen. 

No står det att å velje type stolar, tekstil og farge, før bestilling av stolar kan skje. Montering av dei nye stolane vil skje på hausten 2024.

Det er ynskjeleg med litt fargespel i den nye kinosalen. Interiørarkitekt vil hjelpe oss å sjå på om det kan bli fint å velje tre ulike fargar på stolane. Under kan de sjå kva fargar vi kan velje i.