Dei oppmodar flest mogleg å stille på dei planlagde arrangementa som finn stad i alle kommunane i dag som støtte til Ukraina. Det er viktig støtte også for dei verdiane vi har kjempa for: demokrati, fridom og forsoning.
I Volda vert dagen markert slik:
Fredag 24.02.23 er det eitt år sidan krigen i Ukraina starta.
I denne samanheng har RE:ACT Volda, Green Fingers og Den Norske kyrkja invitert til arrangement i Volda.
24. februar står heile verda saman og markerer si støtte.
Arrangementa er ein del av #UniteWithUkraine, som i Noreg blir koordinert av Ukrainas ambassade i Noreg, Den ukrainske forening i Noreg og Norsk-ukrainsk venneforeining.
RE:ACT
Program:
- 17.15 Helsing ved ordførar Sølvi Dimmen og fakkeltog frå torget/gamle haldeplassen ved sidan av Cubus.
- 18.00 Open kyrkje med bøn for Ukraina i Volda kyrkje.
- 18.00 Ope hus på Uppheim
- 19:00 Ukrainsk middag for alle på Uppheim
Dette er ruta:
Illustrasjon
Arrangert av RE:ACT Volda, Green Fingers, Den Norske kyrkja
Alle er velkomne til å delta.