Det er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som har oppmoda kommunane til å søke om midlar til berekraftskoordinatorane.
– Målet er at heile fylket skal jobbe enda meir aktivt med berekraft, for dette arbeidet hastar, seier assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste.
Noreg har forplikta seg til å jobbe aktivt og målretta for å vere med å oppfylle FN sine 17 berekraftsmål innan 2030.
– Dei fleste tiltaka må settast i verk lokalt. Her har kommunane og fylkeskommunen ei sentral rolle. Både gjennom plan- og styringssystema, og ikkje minst gjennom innkjøp og anbodsprosessar. Prosjekt med fokus på meir gjenbruk og mindre matsvinn er nokre av tiltaka som er testa ut i liten skala og med gode resultat. Desse bør no iverksettast i stort omfang, seier Brøste.
Vil løyse berekraftsutfordringar
Særleg skal kommunane jobbe for å løyse utfordringar innan sirkulærøkonomi, smart og berekraftig VA-sektor, berekraftig mat og mattryggleik, digitalisering av offentleg sektor, fattigdom og sosial inkludering og berekraftsertifisering av offentlege bygg.
– Dette er berekraftsområde der vi har særlege utfordringar, og som vi best løyser i samarbeid mellom kommunane, seier Brøste.
Ho viser til ei kartlegging som fylkeskommunen og Statsforvaltaren i fylket gjennomførte i 2020.
Skal utvikle og lære i fellesskap
Dei fire vertskommunane har lagt opp til ulike prosjekt, men felles for dei alle er at dei skal samarbeide og dele erfaringar.
– Berekraftskoordinatorene skal arbeide i lag med omlandskommunane, med kvarandre, med fylkeskommunen og med oss hos Statsforvaltaren. Slik vil vi alle i fellesskap kunne utvikle berekraftsarbeidet og lære undervegs, seier Brøste.
Koordinatorstillingane skal vere strategisk plassert i kommuneorganisasjonen, helst rett under kommunedirektøren.
Ulike prosjekt
Molde kommune vil arbeide vidare med tidlegare prosjekt som gjeld ombruk og gjenbruk av møblar og inventar, og med å redusere matavfall.
Ålesund kommune sitt prosjekt koplar offentleg sektor, næringsliv og frivillige saman for å nå berekraftsmåla. Berekraftsindikatorane skal implementerast i plan- og styringssystema i kommunane. Klimabudsjett skal brukast som styringsverktøy.
Volda kommune skal fokusere på mobilitet, jordvern, fattigdom og sosial inkludering og berekraftig lokalmat.
Tingvoll kommune skal jobbe vidare med kartlegginga av kommunane i møte med FNs berekraftsmål frå 2020. Målet er digital transformasjon, at funna kan brukast inn i kommunane sine styringssystem.
Ser fram til samarbeid
Dei fire kommunane får to millionar kroner kvar til berekraftskoordinatorane. Dei forpliktar seg også til å rapportere og formidle frå arbeidet sitt, og om samarbeidet med nabokommunane.
– Vi ønskjer lukke til i dei spennande prosjekta og ser fram til å vere med i samarbeidet, seier Brøste.
Artikkelteksten er henta frå: statsforvaltaren.no