Møte i den interkommunale arbeidsgruppa

Møte i den interkommunale arbeidsgruppa

Tysdag 20.01.26, klokka 16.00 skal den interkommunale arbeidsgruppa for Volda og Ørsta ha sitt andre møte. 

Interkommunal politisk arbeidsgruppe for Volda og Ørsta - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen, ordførar Per Are Sørheim, kst kommunedirektør Kari Flø, varaordførar Tove Halse Digernes, formannskapsmedlem Odd Magne Vinjevoll, varaordførar Sverre Leivdal og kommunedirektør Rune Sjurgard

Tysdag 20.01.26, klokka 16.00, skal den interkommunale arbeidsgruppa for Volda og Ørsta ha sitt andre møte. Møtet skal finne stad på Volda rådhus, møterom Voldsfjorden. 

Ordførar Sølvi Dimmen fortel at kommunar over heile landet står overfor mykje av dei same utfordringane framover. Større oppgåver må gjerast med færre hender og vi merkar konkurransen om arbeidskrafta. Det blir ein krevande omstillingsprosess. Når alt kjem til alt, er det ikkje mellom Ørsta og Volda «kampen» står. Vår innbyrdes «kjantring» kan innimellom vere underhaldande, men tener ofte mest «dei andre». Kan vi ved å stå skulder mot skulder med felles strategiar, stå sterkare og styrke samfunnsutviklinga for begge kommunane? 

– Arbeidsgruppa skal legge til rette for ein prosess som skal føre fram til løysingar som gir gevinstar for tenestene og styrkar samfunnsutviklinga i begge kommunar. Målet er å etablere ein felles strategi og visjon, samt mobilisere ressursar og engasjement i lokalsamfunnet for å utløyse synergiar og realisere eit større potensial enn det kommunane kan oppnå kvar for seg, skriv ordføraren på si Facebook-side. 

 

Kommunestyra har gitt arbeidsgruppa følgjande mandat:

  • Identifisere løysingar som gir gevinstar for tenestene og styrkar samfunnsutviklinga for dei to kommunane i lag, og kome med framlegg om konkrete samarbeidstiltak. 
  • Leggje eit grunnlag for å kunne samordne prosessen med planstrategi og kommuneplan med sikte på felles visjon og overordna målsettingar for kommunane for kommunestyreperioden 2027 - 2031. 
  • Utarbeide kravspesifikasjon og tinge utgreiing for å få eit kunnskapsgrunnlag for å vurdere samanslåing av kommunane Volda og Ørsta. 
  • Skaffe statleg finansiering for å dekkje kostnadene med utgreiinga.

 

Artikkel knytt til det første møtet i den interkommunale arbeidsgruppa.