Seniorforskar Vebjørn Veiberg frå NINA (Norsk institutt for naturforskning) vil snakke om ulike avskytingsstrategiar for hjort, og gi råd til hjorteforvaltninga i Ørsta og Volda kommunar. Dette er særleg aktuelt for Volda og Hornindal, som held på med revidering av kommunale målsetjingar for hjorteforvaltninga.
Landbrukskontoret Ørsta Volda er arrangør, og arrangementet er gratis.
Informasjon om møtet er sendt til valdleiarane i kommunen. Vi ber om at de sender informasjonen vidare til jaktfeltsleiarar og andre interesserte.
Grunna koronarestriksjonar er det plass til maks 90 personar, og vi treng påmelding til møtet.
Påmelding på e-post, til: peder.magnussen@orsta.kommune.no