Muligheits-/volumstudie for fortetting og transformasjon

Muligheits-/volumstudie for fortetting og transformasjon

Frå synfaring i sentrum. Til venstre Torgeir Stensø, Sindre Jansson Haverstad, Heidi Istad, Julie Grindborg, Geir Egilsson, Regine S Aklestad og Renate Giske - Klikk for stort bileteFrå synfaring i sentrum. Til venstre Torgeir Stensø, Sindre Jansson Haverstad, Heidi Istad, Julie Grindborg, Geir Egilsson, Regine S Aklestad og Renate Giske. Med på synfaringa var også fotograf Berit Sandvik Skeide, som også er med i kommunen si prosjektgruppe. Berit Sandvik Skeide Konsulentfirmaet Asplan Viak AS har fått i oppdrag å utarbeide muligheits-/volumstudie for indre sentrumssone i Volda.

Måndag 18.10.2021 vart det halde oppstartsmøte med synfaring.

Målet med studiet er å illustrere moglegheitene for utvikling i Volda sentrum, slik at det vert skapt forutsigbarheit for ulike aktørar. Oppgåva går i korte trekk ut på å vurdere areal eigna til fortetting og transformasjon i sentrum. Konsulentane skal kome med råd til utforming av ny bebyggelse, byromsnettverk og uteopphaldsareal. Studiet skal leggast til grunn for arbeidet med områdeplan for indre sentrumssone.

I begynnelsen av november er det lagt opp til arbeidsmøte. Oppdraget skal leverast i veke 51.

Fagteamet frå Asplan Viak. Sindre Jansson Haverstad, Julie Grindborg, Geir Egilsson og Renate Giske.   - Klikk for stort bileteFagteamet frå Asplan Viak. Sindre Jansson Haverstad, Julie Grindborg, Geir Egilsson og Renate Giske. Berit Sandvik Skeide  

Kontakt

Berit Sandvik Skeide
planleggar
E-post
Mobil 47 76 94 08
Heidi Istad
planleggar
E-post
Mobil 46 91 54 55