Namnet vart Voldabadet

Namnet vart Voldabadet

Namnet på det nye symjeanlegget i Volda vart torsdag 20.06 stemt fram av politikarane, det vart Voldabadet.

Teikning av den nye symjehallen - Klikk for stort bileteTeikning av Voldabadet Illustrasjon

Kanskje ikkje så overraskande, sidan det allereie på folkemunne har hatt det namnet blant mange voldingar ei periode allereie.

Men vi syns det var viktig å få sjekke stemninga. Og stemning har det vore, veldig kjekt med så stort engasjement, og vi har kosa oss med å lese så mange kreative og kjekke forslag. 

Blant samtlege innsendte forslag trakk vi to vinnarar av kvart sitt sesongkort: Odd Harald Sundal og André Monsholm vart dei heldige, og vil verte kontakta. Gratulerer!