No er det tilgang til straum på Prestholmen

No er det tilgang til straum på Prestholmen

Bilete av grønt straumskap plassert på Prestholmen. Dyrkekasser i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Torgeir Stensø

Arbeidet med å legge fram straumkabel til Prestholmen er fullført og skap med straumuttak er montert på den sørvestlege delen av holmen.

Det er også montert eit eige forsyningsskap til Prestholmen ved turvegen i Elvadalen. Tussa Installasjon AS har gjennomført oppdraget med R Dale Maskin AS som grøfteentreprenør. 

Fordelingsskapet er plassert slik at det vil vere mogleg å nytte til ulike arrangement og aktivitetar på holmen, t.d i samband med "Øyralangs" men og til eventuell bygging og bruk av framtidig utescene i området.

Tiltaket er finansiert med midlar frå Volda kommune  sentrumsprosjektet.

Kontakt

Torgeir Stensø
prosjektleiar/rådgjevar
E-post
Telefon 70 05 87 55
Mobil 41 48 72 43