Dette er ein del av satsinga «digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste», og målet med å vere tilstade og aktiv i sosiale medium er å senke terskelen for at ungdom sjølv tek kontakt med skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom når dei har behov.
I vår vart det gjennomført ei spørjeundersøking blant elevane på ungdoms- og vidaregåande skular, og resultatet av denne viste tydeleg at ungdomen ønska seg Snapchat som plattform.
Legg til skulehelsetenesta i Volda på Snapchat!
No er vi i gang for fullt, og prøvar dette ut i kommunane Volda, Ørsta og Hareid. Ordninga kjem til å verte evaluert i løpet av hausten, med innspel frå både ungdomane sjølve og skulehelsetenesta.
I tillegg til å ta opp aktuelle tema og informere om trefftid på skulen og helsestasjon for ungdom, vil helsesjukepleiarane så langt det er mogleg svare på spørsmål som kjem inn.
Vi gjer merksam på at Snapchat berre er nytta i ordinær arbeidstid, og at sensitive opplysningar kring helse og personelge førehald ikkje kan delast på Snapchat.
Det er altså ikkje ei erstatning for ordinære samtalar, men eit supplement som kan gjere det enklare å ta kontakt og let ungdom verte betre kjend med tenesta og dei som jobbar her.
Har du lyst å følgje oss? Klikk på lenka lenger oppe, eller skann Snapkoda under med telefonen din for å leggje oss til.