No får du gratis klima- og energirådgiving

No får du gratis klima- og energirådgiving

Bilete av to personar som ser på vindauge i ei stove. - Klikk for stort bilete Simenergi AS Treng du råd om korleis du kan redusere bruk av energi og finne klimavenlege løysingar for din bustad?

Frå 19. september kan alle kommunar i Møre og Romsdal tilby gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar i fylket.

Det betyr at du som eigar av ein bustad kan få objektive råd om korleis du kan redusere bruk av energi og finne klimavenlege løysingar for din bustad. Rådgivinga vil finne stad på nett og via digitale synfaringar. Tilbodet er gratis og uforpliktande.

– Tilbodet er ein del av det viktige arbeidet til kommunane med klima og energi. "Vi skal legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier rådgivar energi og grøn omstilling, Per Oterholm i Møre og Romsdal fylkeskommune."

Les meir om saka her (mrfylke.energiportalen.no) 

Til side for Volda kommune sine innbyggjarar, der du kan bestille befaring (https://volda.energiportalen.no/)

Kontaktpersonar:

  • Per Oterholm, rådgivar energi og grøn omstilling, telefon 45 66 60 50
  • Nicolai Dirdal, prosjektleiar i Simenergi AS, telefon 92 85 80 16

Kontakt

Elise Sandvik Meland
plan- og miljørådgjevar
E-post
Mobil 94 78 27 51