Volda kommune
Status i arbeidet med budsjett og økonomiplanen for 2025 - 2028
Det er kjent at situasjonen er svært krevjande i kommunesektoren. Svært mange kommunar manglar inntekter til å dekkje drifta dei har i dag. Samla for kommunane og fylkeskommunane har KS rekna med at det manglar 15 milliardar i 2024. Dette vil halde fram i åra framover om ein ikkje får ned utgiftene og/el aukar inntektene. Vi ser at utgiftene til offentleg velferd landet over overskrid dei inntektene som er til disposisjon. Sjukehusa varslar også som store underskot. Dette er ei alvorleg utvikling. Dei siste åra har det offentlege forbruket utgjort stadig større andel av samla verdiskaping i fastlandsøkonomien. På få år har denne andelen vakse frå 58 % til 62 % i framlegget til statsbudsjettet for 2025, og enda er det eit skrikande behov etter meir pengar. Dette tilseier at det er behov for ei kraftig omstilling både for landet samla og i den enkelte kommune.
For Volda kommune sin del driftar vi i dag om lag 37 millionar for høgt i forhold til inntektene. Sjølv etter drastiske kutt, vil dette forverre seg med over det dobbelte ved utgangen av økonomiplanperioden. Kommunedirektøren har ikkje opplevd det meir krevjande å få balanse i økonomiplanen enn det ein opplever no. Sjølv med kraftig omstilling og kutt så det smertar og eigedomsskatt på 4 promille frå og med 2025, så står administrasjonen med ei ubalanse med ei drift som er i snitt 40 mill kr for høg i år 2027 og 2028. (i slutten av økonomiplanperioden.) Da er heller ikkje alle melde behov innanfor kjerneoppgåvene innarbeidd, og desse må sektorane berre løyse innanfor dei rammene dei disponerer. Formannskapet må vere budde på at lista over tiltak som administrasjonen jobbar med ikkje er lysteleg lesnad. Mykje av dette er slettes ikkje ynskeleg, men sett frå administrasjonen si side så er det dette dei tiltaka vi finn på tross av alle konsekvensane dei vil ha. Og enda er behovet for reduksjon enda større. Med andre ord vi er ikkje der at vi kan snakke om val av alternativ mellom ikkje ynskjelege og ubehagelege tiltak. Det er ikkje nok for å få balanse.
I formannskapsmøtet den 29. oktober vil administrasjonen orientere om dei tiltaka vi arbeider med, og vi ynskjer å drøfte med formannskapet kva vi skal gjere med det for høge driftsnivået sjølv etter at det er gjort drastiske tiltak for å få ned utgiftene. Ei av problemstillingane politikarane må drøfte er om Volda kommune vert nøydd til å planleggje mot ROBEK.
Det er tre hovudårsaker til Volda kommune sin situasjon:
- For høgt gjeldsnivå
- Høgt kostnadsnivå med spreidde tenester
- Høgt tenestenivå
Gjeldsnivået
Hovudutfordringa er det høge gjeldsnivået. Volda kommune har ei gjeld som har passert 2 milliardar kroner. Tilrådd maksnivå for å ha ein langsiktig berekraftig økonomi over tid er om lag 70 – 80 % av brutto inntekter. Volda kommune si gjeld er ca 165 % av brutto inntekter. Volda kommune vil i 2025 betale om lag 155 millionar i renter og avdrag. Noko av gjelda er knytt til formidlingslån/vidareutlån og sjølvkostområdet. Dersom kommunen hadde eit gjeld innanfor tilrådd nivå, ville kommunen grovt rekna hatt om lag 70 millionar større handlingsrom i drifta (lågare renter og avdrag). Det vil seie at Volda kommune kunne ha drifta kjerneoppgåvene med dei inntektene kommunen får over inntektssystemet.
Gjelda har auka vesentleg dei siste 10 åra knytt til ma investeringar som (ikkje utfyllande):
- Ny brannstasjon i Volda sentrum
- Ny brannstasjon i Hornindal
- Oppattbygging av Volda rådhus
- Ny Øyra skule
- Ny Volda ungdomsskule
- Ny ungdomsskule i Hornindal
- Kjøp av Bratteberg barnehage
- Kjøp og rehabilitering av Hamna 20
- Voldabadet
- Infrastruktur og parkeringskjellar i tilknytning til Volda Campus Sparebank 1 Arena
- Rehabilitering og fornying av Volda samfunnshus
- Bygging av forsterka bustader på Rotset
- Opparbeiding av næringsområde
- Bustadfeltet Løvland i Hornindal
- Elveforbygging ovanfor Volda sentrum
- Urbakkfoten bustadfelt (ikkje fullfinansiert)
- Grunnkjøp og delopparbeiding bustadfelt i Bratteberg (B 58)
- Veginvesteringar som Botnavegen, tilførselsanlegg i Håmyra, oppgradering i Engesetvegen, Storgata, asfalteringsprogram mv
- Strategiske eigedomskjøp
- VA-anlegg kjem i tillegg. Desse anlegga er også lånefinansiert og vert dekt over sjølvkostområdet.
Fleire av desse investeringane har også medført inntekter og ev reduksjon i utgifter, men dei er uansett finansiert ved lån. Bortimot eitt tiår med høg vekst i den norske økonomien der kommunane kvart år har hatt meirskattevekst, raus koronaerstatning og lang periode med låg rente har gjort det mogleg for Volda kommune og mange andre kommunar å gjennomføre store investeringar og opparbeide høg lånegjeld.
Høgt kostnadsnivå med spreidde tenester
Volda kommune har høgt kostnadsnivå som følgje av spreidde tenester. Kostnaden pr produsert eining vert høgare når ein spreier tenestene samanlikna med å samle dei. I det nye inntektssystemet, som regjeringa har fått gjennomslag for, er Volda kommune vurdert til å vere billegare å drifte enn etter det førre inntektssystemet. Kommunen vert etter nytt inntektssystem frå og med neste år 3,09 % dyrare å drifte enn gjennomsnittskommunen. Fram til no har Volda kommune vore 4,3 % høgare å drifte. Dette inneber at vi får mindre inntekter frå utgiftsutjamninga, og dette er ei av hovudforklaringane på at vi får lågare vekst i inntektene våre i åra framover.
Høgt tenestenivå
Volda kommune ligg over bemanningsnorm både i grunnskulen og i barnehagane. Agenda Kaupang si analyse av pleie- og omsorgstenestene viser at kommunen i dag yter tenester på for høgt nivå i innsatstrappa som ved omstilling kan flyttast ned på lågare trinn til lågare kostnad og auka livskvalitet for brukaren. Helseinnovasjonssenteret si analyse av kostnader ved helse- og omsorgstenester utført av kommunane i Møre og Romsdal i 2023 viser at kommunane i Møre og Romsdal brukar større andel av sine ressursar til pleie og omsorg enn landet elles, og veksten er høgare enn resten av landet. Rapporten konkluderer med at tenestene ikkje vil vere berekraftige utan ei omstilling i tenestene og prioritering i bruk av ressursane. Rapporten vart utarbeidd på oppdrag frå KS. Rapporten viser at Volda hadde høgare ressursbruk til pleie og omsorgstenestene i 2021 enn kommunen sitt utrekna utgiftsbehov. Agenda Kaupang si kostnadsanalyse av pleie- og omsorgstenestene i Volda kommune viser at desse tenestene har høgare kostnader enn gjennomsnittet (jfr kommuneindeksen 2023). Analysen viser at Volda kommune har lågare andel av innbyggjarar som mottek pleie- og omsorgstenester. Samtidig har Volda kommune høgare utgifter til brukargruppa «Andre, i hovudsak eldre» enn gjennomsnittet i referansegruppa. Volda kommune har også høgare dekningsgrad total, og tydeleg høgare for sjukeheim, enn referansegruppa. Einingsgskostnadene pr bustad og pr plass i institusjon er likevel lågare enn snittet i referansegruppa, og Volda kommune har lågare prioritering i årsverk i heimetenesta samanlikna med snittet. Dette bilde kan tyde på at Volda kommune har høg standard på dei tenestene som vert tildelt innanfor helse- og omsorgstenestene.
Strategien og tiltaka i budsjettet og økonomiplanen bør gjenspegle utfordringane og behova
Volda kommune må ned med lånegjelda. For å få til dette må årlege investeringar/låneopptak liggje godt under årlege avdrag. I gjeldande økonomiplan er det lagt til grunn at gjennomsnittleg årleg investeringsnivå bør utgjere maksimalt 40 millionar kroner. For å få gjelda raskare ned og få att handlingsrom, bør det vurderast om investeringsnivået kan vere tilnærma null. Da vil ein kunne redusere gjelda med om lag 700 millionar på 10 år.
Med så høg lånegjeld har ikkje Volda kommune økonomisk handlingsrom til å liggje over statlege minimumskrav i form av bemanningsnorm i skular og barnehagar, eller minimumskrav til forsvarleg tenestenivå etter helse- og omsorgslova. Vi stor overfor eit formidabelt omstillingsbehov særleg innanfor helse- og omsorgstenestene. Vi er nøydde til å førebu dette godt og mobilisere breitt hos tilsette og saman med innbyggjarane. Vi må lykkast med oppgåvekartlegging, oppgåvefordeling og auka heiltid for å styrke arbeidsmiljøa og få auka stabilitet i tenestene. Tenestetildeling må skje ut frå analyserte behov med rett kompetansebruk på rett nivå i innsatstrappa. Vi må jobbe godt med bustadutvikling kopla opp mot innsatstrapp der folk planlegg sin eigen alderdom med sikte på å ha fleire leveår med aktive fysiske og sosiale liv.
Kommunen må gjennom ei total omstilling på alle nivå og på alle område. Produktiviteten må aukast ved at kvar eining vert produsert til lågare kostnad. Arbeidsressursen må utnyttast betre. Det gjeld rett bruk av kompetanse, få folk til å stå i jobb og hente inn arbeidsreserven. Ressursar må omfordelast for å stette auka behov knytt til demografiutviklinga og auka behov hos yngre innbyggjarar i pleie- og omsorgstenesta. Dette må gjerast med redusert tilgang på fagfolk.
Året 2025 var varsla om vart starten på ei krevjande periode
Det vert synt til K-sak 25/22 til kommunestyret 28.04.22 Finansiering av symjehall i Volda sentrum, der kommunedirektøren m.a skreiv:
«Ein må vere klar over at ein langt på veg «legg alle egga i ei korg». Vi vil bruke opp reservane i disposisjonsfondet og vi får eit rente- og avdragsnivå som er strekt til det ytterste. Vi veit at demografiutviklinga vil medføre auka tenestebehov og utgifter i pleie- og omsorg. Allereie i dag veks desse utgiftene vesentleg meir i prosent enn inntektene gjer. Dette er ein landstrend og ei stor uro for heile kommune-Noreg. Vi treng marginar i drifta for å møte desse utfordringane og yte nødvendig helsehjelp i framtida, og det må samtidig gjerast endringar for å styrke folkehelsa og redusere pleiebehovet. Det vil i ulike situasjonar oppstå auke i behov og utgifter knytt til enkeltbrukarar i grunnskule, barnehage og barnevern. Vi må også ha marginar i drifta for å møte desse. Ved å prioritere badeanlegget må kommunestyret vere budde på å ta upopulære prioriteringar for å redusere drifta. Dette kan handle om tiltak for å samle drift på ein tenestestad der dette framleis er mogleg, tiltak for å redusere nivå og standard på tenester der vi ligg over lovkravet. Det kan også handle om å ta vekk tenester som kommunen ikkje er plikta å drive. Det er også ein risiko for at eigedomsskatten vil måtte auke meir enn det som er lagt til grunn i økonomiplanforslaget for 2022 – 25. Dette avheng av korleis ulike risikomoment slår ut, som: renteutvikling, prisutvikling på straum og generell prisutvikling, inntekter i badeanlegget, utviklinga i tenestebehov mv. Kommunedirektøren finn å vere svært tydeleg på dette, og det er ein heilt klar føresetnad frå mi si side at kommunestyret er innforstått med risikoen og er bevisst på å ta dei nødvendige grepa for å halde ein forsvarleg økonomi og oppretthalde nødvendige tenester.»
No er vi der. Full effekt av investeringa og drift av Voldabadet kjem i 2025 og har vore teke omsyn til økonomiplanane. Den totale situasjonen har forverra seg sidan denne prioriteringa vart gjort. Voldabadet er berre ein del av den samla gjeldsutviklinga, men anlegget representerer vesentlege utgifter til drift og er samla sett den historisk største satsinga til Volda kommune.
Kva er så hovudårsaka til at situasjonen er forverra seg. Renta har auka, og utover dette kan det trekkjast fram nokre hovudforklaringar:
Drift som er høgare enn inntektene
Slik det ser ut vil vi måtte bruke om lag 37 million kroner av disposisjonsfondet for å balansere. Det positive er at vi planla å bruke 67,9 millionar kroner av fondet, men mest sannsynleg vil bruke om lag 30 millionar mindre. Men drifta er for høg og fondet vert brukt opp utan omstillingstiltak.
Teknisk balanse i eksisterande økonomiplan
Føresetnadane i gjeldande økonomiplan er også at drifta er for høg i forhold til inntektene. Det er alltid mogleg å få ein økonomiplan i teknisk balanse. Reell balanse handlar om at det må planleggjast for gjennomføring av tøffe kutt og omfattande omstilling. Volda har kjøpt seg tid og utsett desse tiltak ved å bruke fondsmidlar og leggje inn teknisk balanse. I gjeldande plan vart det teke ut 52 millionar i flyktningeutgifter frå og med 2025 utan nødvendig nedjustering av inntektene til flyktningar. Flyktningebusettinga representerer eit stort volum i økonomien, og det er uansett usikre faktorar knytt til behov i tenestene og inntektsutviklinga. Ein kombinasjon av usikkerheit knytt til framtidig busetting og teknisk balansering utan ROBEK, vart desse utgiftene ikkje innarbeidd i gjeldande økonomiplan. I budsjettet for 2025 har vi nedjustert nivået busettinga og lagt inn alle kjende utgifter og inntekter. For resten av økonomiplanperioden vil det oppstå usikkerheitsfaktorar som må handterast ved årleg budsjett- og økonomiplanhandsaming.
Auken i frie inntekter lågare enn lønsveksten
Volda kommune får ein inntektsvekst som er lågare enn gjennomsnittskommunen neste år og framskrive for heile perioden. Veksten i dei frie inntektene dekkjer ikkje kostnaden med auka løningar.
Auka kostnader i kjerneoppgåvene
Fleire av tenestene har auka utgifter knytt til lovkrav og aktivitetskrav. Dette gjeld td auke i overføringar til private barnehagar som følgje av kostnadsvekst i drifta av dei kommunale som følgje av lønsvekst og aktivitet tilpassa norm, auka utgifter til barnevern, sosialhjelp, til SFO, legetenesta mv.
Administrasjonen vil gå nærare gjennom dette i møtet i formannskapet 29. oktober.
Rune Sjurgard
Framdrifstplanen for budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028