Ny avdelingsleiar skule

Ny avdelingsleiar skule

Cecilie Bjørlykke er tilsett i stilling som avdelingsleiar skule, og  tek til i stillinga 1. juni. Ho overtek etter Lene Nupen, som har fått ny stilling i Herøy Kommune.

Cecilie Bjørlykke, avdelingsleiar skule - Klikk for stort bileteCecilie Bjørlykke er tilsett som ny avdelingsleiar skule. Privat

 

Bjørlykke er utdanna lærar, med vidareutdanning i leiing (rektorskule og utdanningsleiing).  Ho har lang røynsle som rektor, og ho har fungert som kommunalsjef i sektor læring og kultur i Hareid kommune.

Opphaveleg er Bjørlykke frå Stadlandet, men bur på Hareid. Utanom arbeidet er ho engasjert i Hareid IL og i Sunnmøre fotballkrets. Ho går heller ikkje avvegen for turar på fjellet, både med og utan ski.

Volda kommune gratulerer med jobben, og ønskjer lykke til med nye utfordringar.