Ny Helsenorge-app

Ny Helsenorge-app

Med appen kan du lett logge deg inn på Helsenorge.no for å finne informasjonen du treng.

Den 22. juni kom Helsenorge med ein ny app. Denne er tilgjengeleg i appstore og Google play. Med appen kan du lett logge deg inn på Helsenorge for å finne informasjonen du treng.

Dette er ein felles inngang til det offentlege helsetilbodet samla på ein sikker stad.

Kva kan appen nyttast til?

Ved å bruke appen vil du sjå timeavtalar, henvisningar, prøvesvar, bestille koronatest, sjå dine vaksinasjonar, sjå dine reseptar og sjå det tenestetilbodet du har i kommunen og når dei kjem til  deg.

Helsenorge si nettside finn du her.