Ny leiar på avdeling bu og habilitering

Ny leiar på avdeling bu og habilitering

Reidun Elisabeth Sandsnes avdelingsleiar bu og habilitering - Klikk for stort bileteReidun Elisabeth Sandnes er ny leiar på avdeling bu og habilitering.

Reidun har tatt til i stillinga etter at Oddbjørg Langøy vart pensjonist tidlegare i sommar. Reidun kjem frå stilling som avdelingsleiar ved Stryn arbeidssenter. Gjennom denne stillinga har ho god kjennskap til både det administrative arbeidet og brukargruppene ved avdelinga.

Stillinga er organisatorisk plassert i sektor helse- og omsorg, og har det overordna ansvaret for fem seksjonar; Hamna dagsenter/Blåbærhaugen (avlasting/barnebustader), omsorgsbustadane Bømarka/ Doktorhaugen, Kleppevegen, Sevrinhaugen og Verslavegen. 

Avdeling bu-og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsetjingar som har behov for bistand.

Tenesta legg til rette for aktivitetar som gir kjensle av meistring og glede, som gir eit meiningsfyllt innhald i kvardagen, samtidig som brukarane kan nytte dei ordinære tilboda i lokalsamfunnet innan helse, kultur og fritid. Målsettinga er at tilbodet til den einskilde brukar blir individuelt tilrettelagt utifrå den einskilde sine behov for aktivisering og trening.

Reidun Elisabeth Sandnes bur på Grodås i lag med mann og to born. 

Vi ynskjer ho velkomen til Volda kommune og lykke til i ny stilling!