NAV Ørsta-Volda søkte om midlar frå Statsforvaltaren til prosjekt for å betre tenestene til flyktningane. Som en del av prosjektarbeidet, har Iselin Eliassen Aske, prosjektleiar i NAV Ørsta-Volda, sett saman ei gruppe brukarar med flyktningbakgrunn som fungerer som ekspertgruppe.
Personane i denne gruppa er med og diskuterer ulike problem eller utfordringar, og kjem med framlegg til løysingar. Dei har vore veldig opptekne av det å kunne ha ei stemme ut i samfunnet, slik at dei kan bli høyrt. Både for andre flyktningar, politikarar og for oss som jobbar i det offentlege og andre arbeidsgjevarar.
Denne ekspertgruppa har derfor, saman med prosjektleiar, laga ein podcast.
Tematikken er ulike tema innanfor integrering, og er aktuell for andre flyktningar, politikarar og alle som jobbar med flyktningar.
Første episode er publisert, og viss du er interessert i å høyre den, så ligg den her:
JALLA Ørsta-Volda (spotify.com)