Ny rektor på Volda ungdomsskule

Ny rektor på Volda ungdomsskule

Per Erling Parr Sætre (43) er tilsett som ny rektor ved Volda ungdomsskule frå og med 1. august 2024. Han tek over etter Inger-Anne Kvamme, som går av med pensjon. 

Per Erling Parr Sætre - Klikk for stort bilete Volda kommune

Sætre har sidan hausten 2018 vore rektor på Dalsfjord skule, og kombinerer pr i dag dette med stilling som assisterande rektor ved Volda ungdomsskule. Før han vart rektor var Sætre lærar ved Volda læringssenter, der oppgåva var knytt til norskopplæring for innvandrarar.

Sætre har si lærarutdanning innan faga engelsk og norsk. Utover dette har han og fullført rektorutdanning i regi av Høgskulen på Vestlandet.

Utanom arbeidet sitt i skulen, er Sætre aktiv i organisasjonsarbeid og med song og musikk. Han dyrkar interesse for handverket skinnsaum, og er kreativ med omsetting av songar. Mellom anna har han omsett til nynorsk songane i den populære TV-serien «Petter Kanin», og bidrege til nynorsk språkdrakt på fleire songar utgitt av diverse artistar.

Volda kommune gratulerer med jobben, og ønskjer lykke til med nye utfordringar.