Ny rektor ved Bratteberg skule

Ny rektor ved Bratteberg skule

Bilete av Anita Mari Brekke som er ny rektor ved Bratteberg skule. - Klikk for stort bileteAnita Mari Brekke er tilsett som ny rektor ved Bratteberg skule. Privat

Når Eli-Mette Lüthcke går over i pensjonistane sine rekker er det tilsett ny rektor ved Bratteberg skule frå august 2023.

Eli-Mette har vore rektor ved Bratteberg skule sidan 2019, men jobba som rektor sidan 1993 på Vikebygda skule.

Vi takkar henne for arbeidet ho har lagt ned i alle desse åra.

Bilete av Eli-Mette Lüthcke, tidlegare rektor ved Bratteberg skule. - Klikk for stort bileteEli-Mette Lüthcke, tidlegare rektor ved Bratteberg skule vert pensjonist. Privat

Anita Mari Brekke er tilsett som ny rektor ved Bratteberg skule.

Ho tek til i stillinga frå komande skuleår. Ho er utdanna lærar og har vidareutdanning i skuleleiing. Ho har lang fartstid som lærar og har vore assisterande rektor ved Bratteberg skule sidan hausten 2019.

Vi ynskjer henne lukke til!