Ny rektor ved Hornindal skule

Ny rektor ved Hornindal skule

Når Gro Mikalsen Hundeide går over i pensjonistane sine rekker denne våren, er det tilsett ny rektor ved Hornindal skule.

Gro har vore rektor ved Hornindal skule sidan 2011. Vi takkar henne for arbeidet ho har lagt ned ved Hornindal skule alle desse åra.

 Rektor ved Hornindal skule Gro Mikalsen Hundeide Privat    

Roar Magne Seljeset er tilsett som ny rektor ved Hornindal skule.

Han tek til i stilllinga frå komande skuleår. Han er utdanna lærar og har vidareutdanning innan leiing. Roar har lang fartstid som både lærar og skuleleiar. Han kjem frå stillinga som rektor ved Sunnylven skule i Stranda kommune.  

Vi er glade for å ynskje Roar Magne Seljeset velkomen til Hornindal skule og Volda kommune, og ynskjer han lukke til!

Roar Magne Seljeset er tilsett som ny rektor i Hornindal skule Privat