Ny turistbrosjyre for Volda

Ny turistbrosjyre for Volda

BenteEngeseth

Vi har fått nytt opplag med rykande ferske turistbrosjyrer for Volda.

Ta med deg eit eksemplar til deg sjølv eller andre. Du finn turistbrosjyrene på rådhuset i Volda og etterkvart rundt omkring i butikkar, serveringsstadar og andre stadar. 

Vi har vidareutvikla brosjyren frå i fjor med fleire bilete, oppdatert innhald og nytt grafisk uttrykk. I år er det Volda Næringsforum som har tatt kostnaden for trykking av 2000 eksemplar. Aarflot media har stått for grafisk utforming, tekst og har opphavsrett på mange av bileta. Det er også dei som har trykt opp brosjyren.
 
Turistbrosjyren er i år utgitt av Volda Næringsforum i samarbeid med Møre/Aarflot media og Volda kommune.

Her kan du laste ned digital brosjyre: Turistbrosjyre for Volda 2021 (PDF, 9 MB) (PDF, 9 MB)

Vi vonar at mange finn glede og nytte av brosjyren som viser noko av det Volda har å by på!

Vi takkar for det gode samarbeidet og synes at det er stas at vi i lag kan produsere gode produkt gjennom lokalt samarbeid.