Nye leiarar på plass i voldaskulen

Nye leiarar på plass i voldaskulen

Denne våren har det skjedd ein del endringar i voldaskulen. Mellom anna har to rektorar gitt signal om at dei går av med alderspensjon etter mange trufaste år i voldaskulen. Dei kjem til å bli sakna, samstundes som vi gler oss over nye dyktige folk som er interesserte i å ta over stafettpinnane. Vi gler oss til å bli kjend med både nye folk og kjende folk i nye oppgåver.

Frå august tiltrer Anita Brekke som ny rektor på Bratteberg skule. Ho tek over etter Eli-Mette Lüthcke. Anita kjem frå stillinga som assisterande rektor ved skulen og har god hand om alt som går føre seg der. Med seg på laget som ny assisterande rektor ved Bratteberg skule får ho Andreas Arnevik, som har lang fartstid frå Øyra skule, både som lærar og i leiinga.

Det eine fører med seg det neste; så den tomme assisterande rektor-plassen på Øyra skule blir frå fyrste august fylt av Arne Sivertstøl. Han kjem frå assisterande rektorstilling på Hasund skule. Han har fleire spanande erfaringar med seg i sekken, innanfor mellom anna digital utvikling i skulen og personalleiing. Han vil der jobbe saman med noverande rektor Else-Lill Riise.

Frå nyttår går rektor på kulturskulen, Trude Rabben, av med pensjon. Det er ein spanande jobb der vi har mykje aktivitet over eit breitt fagfelt. Vi er så heldige at vi har fått med oss Hanne Drabløs på laget. Ho kjem frå stillinga som kulturskulerektor i Vanylven kommune og har mange år bak seg med spanande arbeid som både lærar og leiar. Ho tiltrer som rektor for kulturskulen frå 01.01.2024.

Vi ser fram til å få nye folk på plass og gler oss over alle dei kompetente, imøtekomande og kjekke personane som voldaskulen får ha på laget sitt.

Saman skal vi oppfylle visjonen vår: «Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne, som deltek, meistrar og lærer»!

Når august kjem, skal vi ta kvarandre godt imot, både nye og gamle, små og store!