Nye miljøfyrtårnverksemder i Volda kommune

Nye miljøfyrtårnverksemder i Volda kommune

Volda kommune har i løpet av det siste året fått tre nye miljøfyrtårn; Massør Randi Eikrem, Volda Bygg AS og kantina hos Studentskipnaden i Volda.  

Miljøfyrtårn er ei nasjonal ordning som skal hjelpe verksemder med å redusere miljøbelastning, stimulere til grøn omstilling og auke konkurransekrafta. For å bli Miljøfyrtårnsertifisert må verksemdene tilfredsstille ulike kriterier tilpassa sin bransje, aktivitet og drift. Vidare vel verksemdene ut nokre fokusområde som prioriterast der dei set seg mål og tiltak for å nå måla.

Sertifiseringsprosessen blir gjennomført i dialog med stiftinga Miljøfyrtårn, medan Volda kommune deler ut diploma og gir informasjon om ordninga.

Massør Randi Eikrem vart miljøfyrtårnsertifisert på slutten av 2024, og fekk like før jul utdelt det synlege beviset på sertifiseringa. Å vere Miljøfyrtårn inneber at verksemda oppfyller ein standard for miljøleiing med kriterium innan tema som styring av verksemda, ressursbruk og sirkulærøkonomi, klimagassutslepp og arbeidsforhold. Verksemda har mellom anna definert mål og tiltak for miljøvennlege løysingar innan avfallshandtering, energibruk og reising. Randi flyttar over nyttår inn i nye lokalar litt lenger opp i Storgata.

Sølvi Dimmen og Randi Eikrem utanfor lokalet til bedrifta.  - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen saman med massør Randi Eikrem som får tildelt diplomet for Miljøfyrtårn. Kjetil Mastad Vestergaard

 – Eg har hatt fokus på miljø over tid, så det var ikkje så omfattande å bli sertifisert. Vi har fokus på miljøarbeid kvar dag.

Volda Bygg har satt mål og prioritert tiltak for miljøvennlege løysingar innan transport, drivstofforbruk, avfallshandtering og energibruk knytt til byggtørk. I tillegg har dei rutinar for innkjøp som sikrar at klima, miljø og arbeidsmiljø blir ivaretatt. I sertifiseringsarbeidet har dei drege nytte av samarbeidet med A. Våge AS, og erfaringar med ISO-sertifisering. For å gjennomføre tiltak og nå måla satt gjennom Miljøfyrtårn må alle delta, frå leiarar til lærlingar.

F.v.: Anders Hauken (driftsleiar), Christoffer Haraldsen (byggmeister), ordførar Sølvi Dimmen, Vegard Høydal Skagen (lærling) og Jakob Benjaminsen Røed (lærling).  - Klikk for stort bileteF.v.: Anders Hauken (driftsleiar), Christoffer Haraldsen (byggmeister), ordførar Sølvi Dimmen, Vegard Høydal Skagen (lærling) og Jakob Benjaminsen Røed (lærling). Kjetil Mastad Vestergaard


Høgskulen i Volda vart miljøfyrtårnsertifisert i 2024. Kantina på Berte Kanutte-huset er drifta av Studentskipnaden i Volda, og no er kantina også sertifisert. I sertifiseringsprosessen har kantina samarbeida med høgskulen om lært av deira erfaringar. No samarbeider dei om handtering og veging av avfall.

Kantina hos Studentskipnaden i Volda har sett fokus på miljøløysingar innan avfall og eingongsemballasje, bruk av kjemikaliar, redusert matsvinn og avfall, og straumforbruket. For å måle utviklinga har dei etablert rutinar for innsamling av data på desse områda slik at dei kan vurdere i kva grad dei når måla.

Kjetil Mastad Vestergaard (plan og miljørådgjevar i Volda kommune), ordførar Sølvi Dimmen og Jan Harald Eikenæs (kantineleiar i Studentsamskipnaden i Volda).  - Klikk for stort bileteKjetil Mastad Vestergaard (plan og miljørådgjevar i Volda kommune), ordførar Sølvi Dimmen og Jan Harald Eikenæs (kantineleiar i Studentsamskipnaden i Volda). Rune Aasen

 

Volda kommune applauderer miljøfokuset til desse verksemdene og til dei 11 andre verksemdene som er miljøfyrtårnsertifiserte i kommunen. Samstundes oppmodar kommunen fleire til å undersøke moglegheita for å bli sertifiserte Miljøfyrtårn.

Miljøfyrtårnssertifiseringa blir gjort i dialog med Miljøfyrtårn. I Volda kommune er det plan- og miljørådgjevar Kjetil Mastad Vestergaard som er miljøfyrtårnkoordinator. Ta kontakt med han om du har spørsmål knytt til ordninga.

Meir informasjon om Miljøfyrtårn i Volda kommune finn du på denne sida

Les meir på sidene til Stiftelsen Miljøfyrtårn