Nye seksjonsleiarar på Volda omsorgssenter

Nye seksjonsleiarar på Volda omsorgssenter

Volda omsorgssenter har fått nye seksjoneleiarr på Selje-/Hasletunet og Otta-/Karvestova. 

Kwan Brudevoll Salvesson saman med Merve Ekip - Klikk for stort bileteKwan Brudevoll Salvesson er ny seksjonsleiar på Otta-/Karvestova og Merve Ekip er ny seksjonsleiar på Selje-/Hasletunet. Volda kommune

 

Kwan Brudevoll Salvesson har starta som som seksjonsleiar i 3. etasje på Otta-/Karvestova. Ho kjem frå stillig som seksjonsleiar for Selje-/Hasletunet. Kwan er utdanna sjukepleiar og har jobba på Volda Omsorgssenter sidan februar 2020. Ho arbeidde først i 3. etasje, før ho vart tilsett i stilling på Seljetunet. No er ho tilbake i 3. etasje. Kwan har vidareutdanning innan leiing, og har erfaring både frå heimebasert omsorg  og sjukehus frå tidlegare.

Merve Ekip er tilsett  som ny leiar i 2. etasje på Selje-/Hasletunet på Volda omsorgssenter, Merve som er utdanna sjukepleiar er nytilsett i Volda kommune.

 

Ottastova/Karvestova

Ottastova/Karvestova  er ein somatisk langtidsseksjon ved Volda omsorgssenter, med 19 rom, der to rom vert nytta  til avlastingsopphald.

Langtidsopphald: Er ein varig heim for eldre og sjuke med omfattande hjelpebehov som ikkje kan få tilsvarande tilbod i eigen heim. 

Avlastingsopphald: er retta mot omsorgspersonar og skal bidra til å oppretthalde gode familierelasjonar og bevare sosiale nettverk, samt gi omsorgspersonane mogelegheit til å ivareta eigne og familien sine behov i periodar.

Adresse: Barstadmarka 2, 6102 Volda

Seksjonsleiar for Ottastova/Karvestova: Kwan Brudevoll Salvesson. Telefon 94 13 98 17

Epostadresse: kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no

 

Seljetunet/Hasletunet

Seljetunet/Hasletunet er ein langtidsseksjon ved Volda omsorgssenter, ein seksjon for personar med demens, med 19 rom fordelt på to bugrupper.

Langtidsopphald: Er ein varig heim for eldre og sjuke med omfattande hjelpebehov som ikkje kan få tilsvarande tilbod i eigen heim.

Telefonnummer til: 

Adresse: Barstadmarka 2, 6102 Volda

Seksjonsleiar for Seljetunet/Hasletunet: Merve Ekip. Telefon 96 01 44 61