Offentleg ettersyn – akvakultursøknad om utviding av lokalitet for matfisk av torsk på Alida i Volda kommune

Offentleg ettersyn – akvakultursøknad om utviding av lokalitet for matfisk av torsk på Alida i Volda kommune

Volda kommune legg med dette ut søknad om utviding av anlegg og auke i biomasse til offentleg ettersyn, jf. Forskrift om akvakultur, § 8. Søkjar er Ode AS.

Det er søkt om ei utviding av anlegget med ei rekke med fem ringar, og ei auke av biomassen frå 3599 tonn til 7020 tonn MBT. Nytt anlegg vil bestå av 15 ringar a 120 meter. Forflåten vil ikkje bli endra ved utvidinga. Anlegget har trong for etablering av nye fortøyingar. Utvidinga vil gi ein forventa årleg produksjon på om lag 5000 tonn.

Planlagt utviding ligg innanfor areal sett av til akvakultur (VA3) i kommunedelplan for tidlegare Volda kommune. Fortøyingane kjem innanfor kombinert formål i sjø og vassdrag (VKA9) og omsynssone H310 ras- og skredfare. Etter det kommunen kan sjå er omsøkte utviding i samsvar med gjeldande arealplan.

Tiltaket kjem inn under forskrift om konsekvensutgreiingar. Søknaden skal handsamast etter kapittel 3 Vurdering om planar eller tiltak etter § 8 krev konsekvensutgreiing (§§ 9-12).

Her finn du dokumenta i saka (innsyn.volda.kommune.no/)

Søknad med tilhøyrande dokument er også tilgjengeleg, under «Høyringar og kunngjeringar». Meiner ein at tiltaket kan få vesentlege verknader som ikkje er tilfredsstillande utgreidd i søknaden, eller har andre merknader til søknaden, må det sendast til kommunen.

 

Eventuelle merknader skal sendast til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller postmottak@volda.kommune.no innan 12.2.2024. Merk brev med saksnr. 24/72.

 

Kommunen vil sende innkomne merknader til fylkeskommunen for vidare handsaming.