Offentleg ettersyn - Årsbudsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027Formannskapet handsama 28.11.2023 administrasjonen sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan.Formannskapet si innstilling vert lagt ut til offentleg ettersyn, jf. kommunelova § 14-3. Lenke til årsbudsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027. Betalingssatsar er innlemma i budsjettsaka, bortsett frå renovasjon og slam som vart handsama som eiga sak.Du finn betalingssatsane under kapitel «Betalingssatsar» i Framsikt, jf. lenke til årsbudsjett og økonomiplan. Merknadar må vere kommunen i hende innan 13. desember 2023. Merknad sendast til: postmottak@volda.kommune.no eller pr. brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda. Det vert folkemøte om budsjett og økonomiplanen onsdag 6. desember kl. 18.00, på Volda ungdomsskule. Publisert 29.11.2023 12:56 Sist endra 03.12.2023 11:46