Offisiell opning av Volda læringssenter i nye lokale

Offisiell opning av Volda læringssenter i nye lokale

Fredag 1. oktober var det  fest og offisiell opning av Volda læringssenter i nye lokale.

Lava Sido , Feruz Ashmelash og Asia Hedu (på biletet f.v.) ønskte velkomen til kommunedirektør Rune Sjurgard, ordførar Sølvi Dimmen, kommunalsjef oppvekst, Per Ivar Kongsvik, gjestar frå samtalegruppene og andre gjestar. Volda læringssenter har no flytta opp i det som tidlegare var Vikebygda skule. 

Vi har fått ein fin skule og vi har det bra på skulen, men det langt å gå, sa dei. Vi har flinke lærarar og programrådgjevarar. I dag er vi om lag 70 elevar på skulen. Det er 40 elevar som lærer norsk . Vi har 15 elevar som går på grunnskulen i 9. og 10. klasse. Det er 15 elevar som går spesialundervisning. Vi får 11 nye elevar i oktober og november. 

Lava, Feruz og Asia hadde også laga quiz-innslag der gjestane skulle svare på kva land ulike flagg hører til. 

Så overlot dei ordet til ordførar Sølvi Dimmen som skulle stå for den offisielle opninga. 

I dag er det heile 19 ulike nasjonar på skulen, fortalte rektor Kjell Kjell Tore Aarstad. Ingen fest utan mat, sa rektor Kjell Tore og baud gjestane på nydeleg heimelaga mat som elevar og tilsette hadde laga. 

Bilete frå opningsfesten:

Det vart gjort vedtak om å flytte Volda læringssenter (VLS) til Vikebygda skule sine lokale i sak om budsjett –og økonomiplan i kommunestyret 12.12.19. Gjeldande leigeavtale i Hamna 20 gjekk ut sommaren 2021.

I budsjettvedtaket frå 12.12.19 er det stipulert innsparing på kr 1,5 mill ved å flytte VLS si verksemd til lokale kommune alt eig sjølv.

Det er gjort bygningsmessige tilpassingar/oppgraderingar i lokala, noko som har gjort at skulen framstår som funksjonell og moderne. Bileta under er frå klasserom i 2. etasje.