Offisiell opning

Offisiell opning

Botnasanden friluftsområde, gangveg og strandområde.  - Klikk for stort bilete Torgeir Stensø

Torsdag 24. august vert det offisiell opning av friluftslivområdet Botnasanden.

Det vert tale ved ordførar Sølvi Dimmen, musikalsk innslag frå Tonehimmel og ulike aktivitetar. Det vert servering av kake, kaffi og saft.

Utrøna Seglarlag stiller med windsurf-utstyr for born og ungdom, i tillegg til instruktørar.

Sunnmøre friluftsråd har fått med seg Christer Lunberg Nes og Ingrid Lauritzen til opninga. Dei skal lage til eit minileirområde med lavvo, og hengekøyer med tarp. Dei skal ha med lupeboksar, vasskikkert, innsamlingsmateriell og nokre bestemmelsesdukar på insekt og sopp. Dei som ynskjer kan få låne innsamlingsmateriell og leite litt, – og ta med det dei finn tilbake om dei vil lære meir eller berre vise kva dei har funne. 

KFUK/KFUM-speidarane vil ta med kanoar og ei bålpanne der ein kan grille Marshmallows.

Tid og stad:

Torsdag 24. august klokka 18.00.

Botnasanden friluftslivområde,  innst ved Rotevatnet.

Alle er hjarteleg velkomne til offisiell opning!