Omlegging til ny TV-leverandør ved institusjon og døgnbemanna omsorgsbustadar

Omlegging til ny TV-leverandør ved institusjon og døgnbemanna omsorgsbustadar

Til bebuarar ved institusjon og døgnbemanna omsorgsbustadar

Omlegging til ny TV-leverandør

Kommunen har ansvar for å levere signal av riktig og god kvalitet fram til antennepunktet på alle roma. Dei bebuararne som per i dag har TV på romet, har til no hatt RiksTV abonnement som dei betalar sjølve. Kommunen såg behov for ei løysing med betre kvalitet og enklare administrering. I mars 2021 gjorde tenesteutval  for helse og omsorg (THO) følgjande vedtak:

1) Volda kommune seier opp RiksTV abonnementa knytt til Volda omsorgssenter, Barstadtun, Fjordsyn, Hornindal omsorgssenter og etter kvart Folkestadtun.

2) Volda kommune inngår samarbeid med Tussa om levering av GetTv til alle bebuarrom og fellesareal i bygga nemnt i punkt 1. Bebuarane vil bli direkte fakturert av Tussa om dei vel å takke ja til tilbodet.

Ein gjekk inn for ei TV-løysing som Tussa tilbaud kommunen, GetTv. I mellomtida har GetTv blitt oppkjøpt av Telia, med akkurat same tilbod og med Tussa fortsatt som leverandør.

Frå juni 2021 var Tussa og kommunen klar til levering av det nye TV-tilbodet. Alle bebuarrom ved Volda omsorgssenter, Barstadtun, Fjordsyn, Hornindal omsorgssenter og etter kvart Folkestadtun får tilbod om dette. Frå 09.06.21 vart kommunen sin avtale med RiksTV sagt opp, og det er ikkje lengre mogleg å få RiksTV-signal frå kabelen på rommet. Om nokon av leigetakarane fortsatt ynskjer RiksTV, kan ein sjølv prøve å ordne dette med ei eiga bordantenne på rommet. Kommunen kan derimot ikkje garantere for signalkvaliteten. Den kan truleg variere ut frå plassering i bygget.

Vi vil difor tilrå at alle som har TV bytter abonnement frå RiksTV til Telia. Leigetakarar med TV på rommet, vil få tilgang på TELIA sine kanalar når dei koplar seg på antennekabelen i veggen. Det er naturlegvis heilt greitt å ikkje ha TV på rommet, dersom ein ikkje ynskjer dette.

Ved innflytting/fast plass, skal det avklarast med den enkelte om ein vil nytte seg av moglegheita med TV-tilbodet på rommet. Takkar ein ja til dette, vil namn og romnummer bli notert, opplysningane vert sendt til Tussa, som vil fakturere direkte til leigetakar.

Prisen pr.månad for å kople antennekabelen til punktet i veggen, er pr dd. 139,-

Utfordringar

Frå 09.06.21 vart TV-signala frå RiksTV utkobla, og Tussa sine folk har vore rundt på alle rom med TV og søkt opp dei nye kanalane frå Tussa/Telia.

Det har diverre vist seg at denne overgangen ikkje var så enkel som ein hadde fått inntrykk av. For å få tatt inn signal frå antennekabel på romet med TV frå Tussa/Telia må ein ha eit fjernsyn av nyare dato som støtter MPEG4-dekoding. Av 140 rom er det 16 fjernsyn som ikkje stettar dette kravet. Dette hadde ein ikkje oversikt over på førehand. Dei det gjeld vil verte kontakta. I samband med dette må ein opplyse om at kommunen ikkje har noko økonomisk ansvar for innkjøp av nye private tv.

Kva må kvar enkelt følgje opp:

  • Dei som ynskjer å nytte kommunen sitt tilbod frå Tussa/Telia, må sjølve seie opp sitt eige abonnement med RiksTV innan 1. juli for å unngå dobbelfakturering. Då må ein ikkje bruke Riks-TV-kortet sitt frå dags dato.
  • Dei som ikkje får inn kanalar må velje om dei vil prøve å bruke bordantenne og halde fram med RiksTV, eller kjøpe seg nytt TV-apparat som støtter nyare signal. Viss ein ikkje greier å søke opp kanalar med nytt tv, så ta kontakt med personalet på avdelinga som kan vidareformidle til helse og omsorg sine driftsteknikarar.

Helse og omsorg beklagar sterkt at informasjon om denne overgangen kom seint ut, og at overgangen har medført ulemper for bebuarane.

 

Svein Berg-Rusten
Kommunalsjef Helse og omsorg