Ope temamøte 15. august

Ope temamøte 15. august

Sektor oppvekst i Volda kommune inviterer til temamøte – "Saman for barn og unge i Volda". Møtet skal vere torsdag 15. august kl. 18.00. på Øyra skule, amfiet.

Sektor oppvekst i Volda kommune inviterer til ope temamøte – "Saman for barn og unge i Volda". 

Vi inviterer foreldre, eldsjeler, frivillige organisasjonar, tilsette og politiet til eit ope temamøte. 

Volda kommune har trygge barn, unge og voksne, som deltek, meistrar og lærer. Dette er visjonen vår som er nedfelt oppvekstplanen vår. I planen står det også at familie, frivilligheita og øvrig nettverk spelar ei viktig og avgjerande rolle for å kunne oppfylle visjonen. I lys av dette inviterer vi foreldre og frivilligheita til eit møte der temaet er det viktige samarbeidet mellom kommunen sine tenester, foreldre og frivilligheita. 

Vi har engasjert Eivind Arnevåg til å setje søkelys på dette samarbeidet. Arnevåg har i fleire tiår vore frivillig og tilsett i KFUM Oslo. Han er oppteken av å bygge gode lag i mange tydingar, og han har motteke Kongen si fortenestemedalje for sitt arbeid i KFUM Oslo. 

DAG: Torsdag 15. august 2024

TID: 18.00

STAD: Øyra skule, amfiet

 

De er alle velkomne!

Kontakt

Per Ivar Kongsvik
kommunalsjef
E-post
Mobil 90 53 67 57