Opning av dagaktivitetstilbod på Folkestad!

Opning av dagaktivitetstilbod på Folkestad!

Ellinor Knardal Vi har starta dagaktivitetstilbod på Folkestad, mandagar og torsdagar frå klokka 09-14 i fellesstova på Folkestadtun.

Denne dagen har vi gleda oss til! 

Vi har starta dagaktivitetstilbod på Folkestad! Tilbodet er ope mandagar og torsdagar frå klokka 09-14, og er lokalisert i fellesstova på Folkestadtun.

Dagsenteret har som mål å tilby fysisk aktivitet kvar dag, som t.d. trim til musikk, gåturar i nærområdet, styrketrening og senioryoga. Døme på andre aktivitetar er erindringsgruppe, hobbygruppe, quiz, songstund, hjernetrim og enkel matlaging.

Vi vil ete lunsj klokka 12 saman med bebuarane på Folkestadtun. Etter lunsj inviterer vi alle på huset til fellesaktivitet i stova.

Nokon som er interessert i plass eller meir informasjon?

Kontakt oss på telefon: 90 80 59 27 / 70 05 40 21