Måndag 11. november hadde vi overtaking av fase 1, som gjeld første etasje og ungdomsklubben. Kommunen skal gjennom ei test- og overtakingsperiode før huset kan bli sett i ordinær drift.
Det er planlagt overtaking av kino, lounge og kiosk 16. desember. Dette er ei lita utsetjinga som kjem som følge av leveringsutfordringar på nokre varer og byggherreleveransar som må inn før alt kan ferdigstillast.
I første etasje er vi godt i gang med innflytting og installering av lyd og bilete. I veka som kjem blir det testing saman med brukar for å sikre at alt verkar til kommunestyremøtet den 28. november.
Ungdomsklubben blir møblert opp med brukte møblar som vi har ståande på bygget frå før, og noko frå lager andre stadar. Etter kvart skal ungdommen sjølv få vere med å bestemme korleis lokala deira skal sjå ut.
I andre etasje held entreprenørane på med sluttmontering og golvlegging. I kinoen har montørane starta å montere kinostolar, dette vert ferdig i løpet av veka. Deretter skal det leggast ferdig teppegolv, montering av trappenaser, listing og byggvask.
Kinoteknisk utstyr blir installert i veke 50, og målet er å få testa litt fram mot jul, slik at vi kan opne kinoen i januar.
Utvendig har entreprenør gjort seg ferdig med asfaltering. Det står att litt stelling, rydding og såing. Såing og beising av utvendige fasader blir ferdigstilt til våren.