Oppgraderinga av samfunnshuset er godt i gong

Oppgraderinga av samfunnshuset er godt i gong

Renoveringa av Volda Samfunnshus er i gong. Vi håper på å opne dørene til ny kinosal, festlokale og ungdomsklubb i løpet av 2024. Her er ei oppdatering på planar og framgang.

Bilete frå innsida av kinosalen, under arbeid. - Klikk for stort bilete

Kort om prosjektet: 

Vi er godt i gong med oppgraderinga av samfunnshuset i volda. Det skal etablerast nytt lokale for ungdomsklubben, med ungdomskafe, spelrom, rom for multimedia og rom for dans, drama og musikk. I tillegg bygger vi ny kinoboks inne i eksisterande kinosal, med ny lounge, kiosk og toalettavdeling, alt på eit plan. Eksisterande kommunestyresal blir flytta og “forvandla” til eit festlokale som både kommunen og innbyggarane vil ha glede av. Den nye festsalen skal vere eit lokale som kan leigast ut til ulike føremål, til dømes kurs, konferanse, fest og seremoni. 

Framdrift: 

Entreprenøren er ferdig med riving og sanering innvendig. No pågår arbeid med renovering og omlegging av botnleidningane. Snart set vi i gong med oppbygging av nye vegger innvendig. Grunna mykje asbest i bygget har vi gitt entreprenøren fristforlengelse. Overtaking av bygget skal etter planen skje medio august. Vi håpar på opning av “Nye Volda samfunnshus” i løpet av 2024.  

Andre prosessar: 

Det er mykje utstyr som skal kjøpast inn utanom totalentreprisen. Vi jobbar no med å lande leverandørar av kinostolar, kinoteknisk utstyr, AV-utstyr og inventar. Innleigd interiørarkitekt hjelper oss med å utarbeide eit konsept for estetikken. 

Praktiske opplysningar:

Som fleire sikkert har lagt merke til har vi sperra av eit område kring samfunnshuset, til riggplass for entreprenør. Parkeringssituasjonen kring rådhuset og samfunnshuset er difor litt pressa enkelte dagar og det vil tidvis vere redusert framkommelegheit i området. Ber om tolmod med dette og at alle tek omsyn til dei som arbeider på plassen. Vi oppmodar alle som kan om å la bilen stå heime i denne perioda.

Bilete viser samfunnshuset under kontruksjon - Klikk for stort bileteArbeid pågår i samfunnshuset.