Oppmodar eldre til å gå meir ut i naturen

Oppmodar eldre til å gå meir ut i naturen

Norsk Friluftsliv og Helsedirektoratet oppmodar eldre til å gå tur i naturen. Eivind Haugstad Kleiven/DNT Norsk Friluftsliv og Helsedirektoratet har laga brosjyre om helsefordelane med friluftsliv. Her finn du nyttige tips og informasjon om turstiar i nærleiken av deg.

Norsk friluftsliv har i samarbeid med Helsedirektoratet utforma ei brosjyre til inspirasjon med tips og nyttig informasjon for å kome seg meir ut i naturen.

Sjekk ut brosjyren frå Norsk Friluftsliv og Helsedirektoratet.

I brosjyren tipsar dei om aktivitetstilbod og planlegging, og legg vekt på helsefordelane ved å vere i meir fysisk aktivitet.

Det peikast mellom anna på at fysisk aktivitet styrkar immunforsvaret og hjartet, og har ein førebyggande effekt på til dømes blodpropp, diabetes og demens.

Å vere meir i naturen kan også redusere stress og auke livskvaliteten din, ifølge brosjyren.

Vil du skrive ut brosjyren og dele den vidare i papirformat? Last ned brosjyren i utskriftvenleg format.

Turstiar i Volda kommune

Friluftsliv er ei god kjelde til aktivitet og god helse, og i Volda kommune har vi mange flotte turstiar som kan nyttast.

Finn turstiar i nærleiken av deg.