Erlend Sporstøl Vikestrand
Volda kommune arbeider kontinuerleg med beredskap, slik at vi er best mogleg førebudde dersom ei alvorleg krise skulle oppstå. Her finn du informasjon om møtestader i Volda som kan takast i bruk ved langvarige krisesituasjonar.
Ulike situasjonar, som til dømes ekstremvêr, kan føre til bortfall av både straum, mobilnett og internett i lengre periode. Slike hendingar vil vere utfordrande både for befolkninga og kommunen, det er difor viktig å vere budd på at ulike kriser kan oppstå. I ein krisesituasjon vil kommunen alltid prioritere ressursane der risikoen for tap av liv og helse er størst. Innbyggjarane må difor gjere sitt beste for å ha naudsynt utstyr heime slik at ein kan klare seg sjølve ei tid, utan til dømes straum og elektronisk kommunikasjon (e-kom). DSB oppmodar befolkninga å ha beredskapslager heime som dekkjer den einskilde sine behov i minst 7 dagar. Les meir om eigenberedskap her.
Volda kommune ønskjer at alle skal få god hjelp og naudsynt informasjon når ein alvorleg situasjon oppstår. Det er difor viktig at innbyggjarane veit kvar dei kan møte for å for å få hjelp og viktig informasjon når ein får bortfall over lengre tid av straum, mobil og internett. Tilsette på desse lokasjonane vil få i oppgåve å formidle kontakt med naudetatar og befolkninga. Dei vil også kunne formidle kritisk informasjon mellom kommunen og befolkninga.
Det skal ein ekstraordinær situasjon til før at dette vert iverksett, men det er viktig at innbyggjarane veit om desse oppmøteplassane før situasjonen oppstår.
Skulle det oppstå ein kritisk situasjon og du må ha hjelp kan du møte her:
Akutt helsehjelp
- Legevakta (utanom opningstidene til legekontora)
Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda - Volda legesenter (opningstid 08.00-15.30 kvardagar)
Stormyra 6, 6100 Volda - Hornindal legekontor (opningstid 08.00-15.30 kvardagar)
Grøddesvegen, 6763 Hornindal
Viktig informasjon ved langvarig bortfall av e-kom eller hjelp ved ekstraordinær situasjonar
- Volda omsorgssenter
Barstadmarka 2, 6102 Volda - Hornindal omsorgssenter
Urdene 9, 6763 Hornindal - Folkestadtun
Dalsfjordvegen 4235, 6120 Folkestad - Volda rådhus (opningstid 08.00-15.30 kvardagar)
Stormyra 2, 6100 Volda - Lauvstad Coop Prix (informasjonsplakat)
Velsvikvegen, 6133 Lauvstad - Dalsfjord skule – barneskuleinngangen mot vest (informasjonsplakat)
Dalsfjordvegen 603, 6133 Volda
Volda sjukehus har akuttberedskap
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda