Baderom som skal bli pussa opp
Volda kommune
Eigedomsavdelinga skal pusse opp alle bada på Volda omsorgssenter.
– Vi hadde nokre ledige rom som gav oss handlingsrom til slikt arbeid, fortel Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar for institusjonsteneste.
– Dette kan etterkvart medføre litt endringar for bebuarane. Nokon må kanskje flytte litt på seg internt og det vil påverke inntak av nye bebuarar.
– Volda omsorgssenter er no 20 år gamalt og behov for vedlikehald har byrja å melde seg. På baderomma er det hygieneproblem rundt toalett og fleire skap har blitt dårlege. Det er difor oppstart av dette arbeider no, seier Ann-Sølvi Heltne.
– Du som er oppført som pårørande vil få informasjon når arbeidet får påverknad for dine.