Øving for naudetatane på Volda brannstasjon tysdag 8. november

Øving for naudetatane på Volda brannstasjon tysdag 8. november

Bilete av brannstasjonen i Volda sentrum - Klikk for stort bilete Kristian Driveklepp

Brann, politi og helse skal ha fellesøving tysdag 8. november. Det skal skal vere øving på PLIVO, som står for pågåande livstrugande vald.

Øvinga skal vere på og rundt Volda brannstasjon som ligg i Prestegata 33.

Øvingane skal gå føre seg frå om lag klokka 17 til seinast klokka 21.

Det kan bli litt bråk og smell, og det vil bli nytta utrykkingskøyretøy med blålys under øvingane.

Me ber om at publikum tek omsyn til øvingane, og nyttar andre vegar enn dei som går forbi brannstasjonen i Prestegata, i tidsromet øvingane pågår. 

På førehand takk!