Praksisstudentane i Volda kommune

Praksisstudentane i Volda kommune

Dei tre studentane kjem frå PR, kommunikasjon og media-programmet ved Høgskulen i Volda, og er akkurat ferdig med ein ti vekers praksisperiode i Volda kommune. 

Tre studentar står saman med tilsette i Volda kommune, inkludert ordførar Sølvi Dimmen. - Klikk for stort biletePraksisstudentane, Silje Nordang Bale, Julian Hovden, og Stian Woo Andersson, mottok takkekort frå kommunen. Bente Engeseth

Dei har vore i Volda kommune i ti veker no, og har bidratt med ei rekke arbeidsoppgaver og aktivitetar innan kommunen. Mellom anna har dei fått jobbe med å prodsuere innhald til kommunen sine sosiale kanalar og heimeside, og tatt del i ulike arrangement. Dei har jobba med kommunikasjon både internt og eksternt, og fått brukt sine kunnskapar frå Høgskulen i praksis. 

 

- Praksisperioden min i Volda kommune har vore veldig givande og gitt meg lærdom om korleis det er å jobbe i offentleg sektor, seier Julian Hovden.  

 

- Det å jobbe for kommunen har gitt meg kunnskap som eg kjem til å ta med meg vidare inn i arbeidslivet, seier Stian Woo Andersson. 

 

Studentane oppsummerer praksisperioden som lærerik og interessant. - Eg trur alle som skal jobbe med kommunikasjon har godt av erfaring frå å jobbe i kommune, seier Silje Nordang Bale. 

 

Volda kommune takkar studentane for god innsats og ønsker dei lukke til vidare!