Kommunedirektøren sitt framlegg til Økonomiplan 2025-2028 og Årsbudsjett 2025
Rune Sjurgard - presenterer administrativt framlegg til budsjett og økonomiplan
Volda kommune
Pressemelding 05.11.24:
Frå 10 år med vekst til 10 år med omstilling
Dette seier kommunedirektør Rune Sjurgard når han og økonomisjef Kari Mette Sundgot saman med kommunalsjefane i dag presenterer forslaget til budsjett og økonomiplan for kommunestyret.
Frå vekst til omstilling
På lik line med mange andre kommunar har Volda kommune hatt 10 år med vekst. Sidan 2014 har skatteinntektene vore vesentleg meir enn budsjettert. Volda kommune har sjølv skaffa seg auka inntekter med eigedomsskatt. Staten var raus med koronakompensasjon. Høge flyktningtilskot der mykje av utgiftene kjem på etterskot. I fleire år har renta vore rekordlåg. Volda kommune har god økonomistyring. I sum har dette gjort at kommunen kunne ta store investeringar, setje av midlar på disposisjonsfond og samtidig oppretthalde tenestenivået. År 2025 vert eit vendepunkt der vi må innstille oss på 10 år med omstilling. Fordi: Meirskatteveksten har teke slutt frå 2023. Lånegjelda er på 165 % av brto inntekter. Over det dobbelte for å ha økonomisk handleevne over tid. Vi taper om lag 12 millionar på det nye inntektssystemet, pga at regionsentertilskotet fell bort og endring i kostnadskriteriene i utgiftsutjamninga.
Utgiftene høgare enn inntektene i år og i åra framover
Vi går ut av dette året med om lag 25,1 mill for høg drift som må dekkjast av disposisjonsfondet. Volda kommune driftar dyrare enn vi får kompensert ved eit høgt kostnadsnivå med spreidde tenester og høgt tenestenivå. Sjølv om regjeringa etter at dei fremja statsbudsjettet har varsla om ytterlegare auke i rammene til kommunesektoren, så er løns- og prisvekst, auke i utgifter i lovfesta tenester og statlege prioriteringar vert i sum vesentleg høgare enn inntektsveksten neste år for Volda kommune.
Nokre hovudtal for Volda kommune i 2025:
Nokre hovudtal for Volda kommune i 2025.
Illustrasjon
Du finn tala i Økonomiplan 2025-2028 og Årsbudsjett 2025
Vi ser at veksten i frie inntekter for 2025 ikkje dekkjer veksten i lønsutgiftene. Andre større utgifter som kjem i tillegg er m.a auka utgifter til sosialhjelp, auka bemanning i SFO, auka tilskot til private barnehagar, auka utgifter til fastlegetenesta og til den interkommunale legevakta og auka renteutgifter. Desse meirutgiftene akkumulerer seg utover økonomiplanperioden.
Sjølv med innsparingstiltak på opp mot 59,2 mill kroner i 2028, så viser økonomiplanen at vi i snitt må hente ut ca 22 mill frå disposisjonsfondet i 2027 og 2028:
Sjølv med innsparingstiltak på opp mot 59,2 mill kroner i 2028, så viser økonomiplanen at vi i snitt må hente ut ca 22 mill frå disposisjonsfondet i 2027 og 2028.
Illustrasjon
Ikkje økonomi utover norm eller minstestandard – gjelda må ned
Når Volda kommune har ei drift som er høgare enn inntektene, og lånegjelda er det dobbelte av anbefalt nivå. Da er det ikkje rom til at tenestene kan liggje over norm og forsvarleg minstestandard. Produktiviteten må aukast ved at kvar eining vert produsert til lågare kostnad. Dette inneber m.a at vi må administrere og drifte tenestene med færre tilsette. Gjelda må ned for å gjenskape økonomisk handlingsrom. Det vert foreslått at vi etter avslutninga av investeringsrekneskapen for 2024 gjer ei vurdering om det er rom innanfor ubrukte lån til å finansiere nye investeringar, slik at låneramma ikkje vert vesentleg auka.
Utfordringane størst i helse og omsorg
Statsforvaltaren har også i sine forventingsbrev peika på at kommunane må fordele ressursane ut frå endring i demografien og halde fram i arbeidet med å flytte ressursar frå oppvekstsektoren over til helse og omsorg. Kommunedirektøren vil presisere at det er svært viktig at utfordringane i helse og omsorg ikkje vert underkommunisert når opplegget til budsjett og økonomiplan for 2025 – 2028 skal handsamast politisk. Engasjementet i lokalsamfunnet er alltid sterkt mot innsparingstiltak i skule og barnehage, medan innsparingstiltak i helse- og omsorg, eller behov for tiltak som det ikkje er funne rom for i denne sektoren, kan lett gå under radaren.
Strategien må gjenspegle utfordringane
Økonomiplanen må ha strategi og tiltak som løyser utfordringane. Samtidig skal dette vere forankra i samfunnsdelen i kommuneplanen. Hovudutfordringane for Volda kommune er demografisk utvikling med fleire eldre som vil ha behov for tenester, fleire yngre tenestemottakarar med einetiltak som krev omfattande tenester og auka press på tenestene i samband med busetting av flyktningar. Samtidig går ein større del av inntektene med til dekning av renter og avdrag som følgje av svært høg lånegjeld. Dette må handterast i møte med innbyggjarar som uttrykkjer andre behov og yter press på å få stetta sine interesser. Samanhengane i samfunnet er kompliserte. Det er utfordrande å få fram eit felles verkelegheitsbilde, som samlar folk om kva prioriteringar som må gjerast, for å stette dei viktigaste behova og samtidig ha berekraftig økonomi.
Kommunedirektøren foreslår ein todelt strategi:
- Det kortsiktige perspektivet: Det er behov for tiltak med rask verknad for å unngå at disposisjonsfondet vert oppbrukt dei første åra i økonomiplan-perioden. Eigedomsskatten ligg allereie inne med 4 promille f.o.m 2025 i gjeldande økonomiplan. Rask verknad betyr reduksjon i tilbod, ta vekk tilbod, stette minimum av forsvarleg standard ved tildeling av tenester og å samle tenester. Dette inneber at kommunedirektøren ser seg nøydd til å foreslå tiltak som ikkje er ynskelege, og som vil skape mykje motstand. Tiltaka vil endre kvardagen til folk, både tilsette og innbyggjarane. Dette vil smerte, og kommunedirektøren er audmjuk med tanke på korleis folk vil oppleve dette. Samtidig er tiltaka som er foreslått vurdert som forsvarlege ut frå kva sentrale myndigheiter har lagt som norm og minstestandard for velferdstenestene kommunen skal levere.
- Det langsiktige perspektivet: Det er her dei store løysingane ligg. Volda kommune har satsa på lågterskel og tidleg innsats med ungdomstiltak innafor kultur, ny avdeling for barn og familie i oppvekst som skal jobbe med barn, familiar og vere støttande for tilsette i barnehagen og skulen. Vi står overfor eit formidabelt omstillingsbehov, særleg innanfor helse- og omsorgstenestene. Vi er nøydde til å førebu dette godt og mobilisere breitt med sterk involvering av tilsette og innbyggjarane. Tenestetildeling må skje ut frå analyserte behov med rett kompetansebruk på rett nivå i innsatstrappa. Vi må jobbe godt med bustadutvikling kopla opp mot innsatstrapp der folk planlegg sin eigen alderdom med sikte på å ha fleire leveår med aktive fysiske og sosiale liv. Utvikling av tenestene og samfunnet må sjåast i samanheng. I planstrategien er det foreslått å forsere reguleringa i Volda sentrum for å leggje til rette for utbygging av leilegheiter tilpassa ulike livsfasar og behov. Det er her det er flest i målgruppa som vil ha behov for tenester framover. Vi må lykkast med oppgåvekartlegging, oppgåvefordeling og auka heiltid for å styrke arbeidsmiljøa og få auka stabilitet i tenestene. Dette vil også føre til betre utnytting av ressursane, meir samordna tenester og auka produktivitet. Teknologi bør brukast der det kan gi effekt i form av enklare kvardag for brukarane og dei tilsette. Føresetnaden for dette er endring i arbeidsprosessar som frigjer bemanning til andre oppgåver. Det må takast nye initiativ til å få synergiar ut av interkommunale samarbeid og etablere nye interkommunale samarbeid. Det er lagt inn forventa effekt av tiltak knytt til det langsiktige perspektivet i økonomiplanperioden.
Som ledd i denne strategien er det foreslått ressursinnsats inn mot arbeidet med heiltidskultur og bustad- og innsatstrapp neste år og i økonomiplanen. Det er sett av prosjektressurs til å gjennomføre regulering av Volda sentrum og prosjektressurs til å følgje opp bustadsosial plan i partnerskap med utbyggjarar og Husbanken. Det er budsjettert med forventa gevinst av samla innsats knytt til heiltidskultur og innsatstrapp/bustadtrapp i slutten av perioden.
Utdrag av foreslåtte innsparings- og omstillingstiltak i 2025:
- Avvikling av Voldakortet som insentivordning for studentar
- Flytting av ungdomssteget ved Folkestad skule frå hausten
- Auka brukarbetaling SFO og tak på antal barn i SFO
- Reduksjon vaksenopplæring som følgje av færre flyktningar
- Redusere talet på kontaktlærarar
- Redusere bemanning i barnehagane
- Reduksjon intensiv opplæring 1. – 4. klasse
- Samkøyring hjelpebemanning i rus og psykisk helseteneste
- Behovsstyrt institusjonsplassering etter innsatstrapp (8 vakante sjukeheimsplassar)
- Samlokalisering av kjøkkendrift Volda og Hornindal omsorgssenter
- Fase ut fristlivssentralen
- Fase ut stilling som kreftkoordinator
- Sal av kommunale eigedomar
- Reduksjon vintervedlikehald (ev tilleggsløyving ved behov)
Foreslått samla innsparings- og omstillingstiltak i 2025 er på til saman 26 mill kr. Likevel må vi bruke 21,6 mill av disposisjonsfondet for å kome i balanse.
Det er ytterlegare tiltak kvart av åra i økonomiplanen og samla innsparingstiltak i 2028 er på 59,2 mill. Likevel må det hentast inn driftsfond på om lag 22 mill for å ha balanse i drifta. Volda kommune vil ha negativt driftsresultat kvart år i perioden:
Det er ytterlegare tiltak kvart av åra i økonomiplanen og samla innsparingstiltak i 2028 er på 59,2 mill. Likevel må det hentast inn driftsfond på om lag 22 mill for å ha balanse i drifta. Volda kommune vil ha negativt driftsresultat kvart år i perioden.
Illustrasjon
Strekt strikk gir auka risiko
Med det økonomiske opplegget som er lagt forslaget til budsjett og økonomiplan vert rammene til både administrasjonen og tenestene tilmålt eit minimum for å drive planlagt aktivitet. Det er minimalt rom for omdisponeringar for å handtere endring i behov. I løpet neste år kan det oppstå situasjonar der vi må fremje enkeltsaker om dekning av ekstraordinære utgifter til lovfesta rettar. Det er derfor nødvendig at Volda kommune til kvar tid har disposisjonsfond. Dette også for å dekkje opp for skattesvikt eller auke i renta. Som eit minimum bør disposisjonsfondet liggje på eit nivå tilsvarande 40 mill. Det er lett å ty til bruk av disposisjonsfondet for å utsetje smertelege og kutt og omstillingstiltak. Kommunedirektøren meiner at Volda kommune bør ta tak i utfordringane no, og jobbe for å følgje opp kommunestyret sine vedtekne finansielle handlingsreglar for langsiktige økonomisk handleevne. Kommunedirektøren rår derfor at dei ekstra midlane som regjeringa har foreslått i tillegg til auken i frie inntekter i statsbudsjettet vert avsett på disposisjonsfondet.
Redusert nivå på busetting av flyktningar
Busetting av flyktningar representerer eit relativt stort volum, både økonomisk og i bemanning. Det er derfor naturleg å leggje nivået for busetting i budsjettet, og tilpasse utgifter og inntekter ut frå dette nivået. Vi har lagt oss på 50 flyktningar neste år. Dette er vurdert å vere i øvre grense. Dette er 25 over det som flyktningeanalysen til Volda kommune konkluderte med som berekraftig busetting over tid. Nasjonalt er busettingstalet redusert frå 37000 som første anslag for 2024 til 18900 for 2025. Bakgrunnen for dette er i hovudsak presset på dei kommunale tenestene rundt omkring i landet. Dimensjoneringa av busettinga må stå i forhold til kapasiteten vi har til å yte forsvarlege tenester, både for flyktningane og innbyggjarane våre. Vi må levere tenestene ut frå dei rettane og standarden som staten har sett for flyktningane. Kommunedirektøren er uroa for sprengt kapasitet i legetenesta, legevakta, rus og psykisk helseteneste, og at høgare busettingstal vil utløyse behov for investering i skulebygg i sentrum. Fleire tenester slit med å rekruttere fagfolk, og vi treng også å frigjere tilsette for å styrke rekrutteringa i kommunen sine kjerneoppgåver. Med så store volum som Volda har hatt dei siste to åra, ligg det også større risiko i meirutgifter knytt til sosialhjelp, legetenesta, barnevern og individuelle tiltak i barnehage, skule og helse og omsorg. Det nasjonale beregningsutvalget konkluderer i sin siste rapport med at dei statlege tilskota ikkje dekkjer utgiftene med busetting av flyktningar.
Behov for ei større nasjonal omstilling
Svært mange kommunar manglar inntekter til å dekkje drifta dei har i dag. Samla for kommunane og fylkeskommunane har KS rekna med at dei vil mangle 15 milliardar i 2024. Regjeringa har i tilleggsnummer til statsbudsjettet kome ein auke rammeoverføringane med 5 mrd til kommunesektoren i år, for neste år og vidare. Ut frå KS sine prognoser vil likevel det samla underskotet kunne verte om lag 10 mrd i år. Dette vil halde fram i åra framover om ein ikkje får ned utgiftene og/el aukar inntektene. Vi ser at utgiftene til offentleg velferd landet over overskrid dei inntektene som er til disposisjon. Sjukehusa varslar også som store underskot. Dette er ei alvorleg utvikling. Statsbudsjettet inneber eit underskot på ca 11 % i fastlandsøkonomien. I Sverige utgjer dette under 1 %. I Sverige tek dei opp lån for å finansiere underskotet, medan i Noreg brukar vi av oljefondet. Utfordringa med høgt forbruk finansiert av oljefondet, er at etterspørselen i økonomien vert verande høg. Det kan utsetje rentenedsetjing. Dei siste åra har det offentlege forbruket utgjort stadig større andel av samla verdiskaping i fastlandsøkonomien. På få år har denne andelen vakse frå 58 % til 62 % i framlegget til statsbudsjettet for 2025. Enda er det eit skrikande behov etter meir pengar. Det er rett nok diskusjon rundt utrekningsgrunnlaget av dette forholdstalet. I alle høve er det mest urovekkjande at Noreg sakkar akterut i produktivitetsvekst samanlikna med andre land (jfr OECD sin rapport om norsk økonomi frå juni 2024). Sterkt medverkande årsak til dette er høg vekst i utgiftene til velferd og høgt sjukefråver i befolkninga. Noreg har dobbelt så høgt sjukefråver som både Danmark og Sverige. Det er ein vekst i talet på unge innbyggjarar som står utanfor arbeid eller utdanning. Det er utgiftsvekst i kommunane styrt av statleg rettigheitslovgjeving og stadige nye reformer. Samhandlingsreforma har resultert i oppgåveoverføring frå sjukehusa, der kommunane har fått ansvar for sjukare pasientar med krav om meir spesialisering. Denne utviklinga har gått raskt, og kommunane har også fått ansvar for pasientgrupper som sjølv relativt store kommunar ikkje er rigga til å kunne ta ansvar for. Den demografiske utviklinga fører til fleire eldre med behov for tenester og færre i yrkesaktiv alder. Det vert for få til å dekkje opp bemanningsbehovet i forsvaret, i næringslivet og ikkje minst i helse- og omsorgssektoren. Dersom vi driv som i dag i åra framover vil spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i seg sjølv ha behov for all den arbeidskrafta som vil verte gjort tilgjengeleg. I sum tilseier dette at det bør kome ei større statleg reform der staten må ta eit ansvar for dei overordna samanhengane og sikre ei berekraftig utvikling. Desse utfordringane er godt skissert i dei ulike regjeringane sine Perspektivmeldingar dei siste åra. Dersom vi ikkje får ei større omlegging styrt frå dei sentrale myndigheitene, vil dei komande framskrivingane av økonomiplanane i norske kommunar vise «den kommunale kollaps».
Omstilling er også utvikling
Kutt og omstilling får mykje fokus når vi skal oppsummere tala i ein budsjettprosess. Det er viktig å sjå alt kommunen faktisk får til. Utviklinga vi har hatt siste åra, og viktige prosjekt som er i ferd med å løfte seg for å utvikle Volda vidare. Volda har regionale funksjonar, og er eit berekraftig samfunn samanlikna med mange andre lokalsamfunn rundt omkring i landet. Etablering av Norsk Innovasjonssenter er eit prosjekt som skal leggje til rette for nye arbeidsplassar og styrke grunnlaget for å ha høgskule og sjukehus i Volda i framtida.
Det er mange døme på at organisasjonar, når dei vert pressa, mobiliserer energi og omstiller for å utvikle seg. I private bedrifter er det nødvendig for å overleve. I kommunen er det nødvendig for å ha økonomisk handleevne til å løyse samfunnsoppdraget i åra framover, og sikre framtidige generasjonar gode levekår. Volda kommune er godt rigga. Det er heilt klart utfordrande, og det er viktig at vi alle har ei felles forståing av situasjonen og erkjenning av omstillingsbehovet. Så er det viktig også å erkjenne at vi er ein organisasjon med god kompetanse og ressursar som er skodd til å takle omstillinga. Dette vert ein stor dugnad, der vi må jobbe i lag med god støtte og tilrettelegging frå politikarane. Vi må vere medvetne om at endring råkar folk. Vi må sjå folk i desse prosessane, lytte og involvere og forklare behovet for endringane. Vi går ei spennande tid i møte som krev mykje av oss.
Kommunedirektøren sitt framlegg til Økonomiplan 2025-2028 og Årsbudsjett 2025
Årsbudsjettet og økonomiplanen skal til endeleg behandling i kommunestyret 12. desember.
Dette er tidsplanen:
- 03.09.2024 – Formannskapet 3. september
- 17.09.2024 – FSK/THO/adm/HTV/brukarråd 17. september
- 23.09.2024 – Politisk administrativt leiarforum 23. september
- 01.10.2024 –Formannskapet 1. og 15. oktober
- 15.10.2024 –Formannskapet 1. og 15. oktober
- 29.10.2014 - Formannskapet, orientering om status i arbeidet
- 05.11.2024 – Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 5. november – presentasjon for kommunestyret
- Arbeidsmøte formannskap
- Tenesteutvala kjem med innspel
- 26.11.2024 – Formannskapet innstiller til kommunestyret og utlegging til off ettersyn 26. november
- 12.12.2024 –Kommunestyret si handsaming/endeleg vedtak av budsjett og økonomiplan 12. desember
Opptak av presentasjonen i kommunestyret 5. november blir lagt ut her i etterkant av møtet: https://volda.kommunetv.no/