Økonomisjef Kari Mette Sundgot og kommunedirektør Rune Sjurgard
Volda kommune
Kommunen fekk eit positivt netto driftsresultat i 2023 og ei resultatgrad på 2,9 %. Dette er over kommunen si målsetting på 1,75 % som er nivået for at ein skal ha tilfredsstillande økonomisk handlingsrom. Volda kommune budsjetterte med ei avsetning til disposisjonsfondet med om lag 30 mill kr. Det positive rekneskapsresultatet resulterte i at disposisjonsfondet samla sett vert styrka med 47,3 mill kroner. Dette er 17,5 mill meir enn budsjettert og skuldast mindreforbruk i sektorane med 6 millionar kroner, premieavvik knytt til pensjon på 6,5 millionar kroner og auke i finansinntekter på kr 5 millionar kroner.
– Vi går inn i år 2024 med eit disposisjonsfond på 143,5 mill kroner. Økonomisjef Kari Mette Sundgot og kommunedirektør Rune Sjurgard seier at det er svært bra at vi greier å styrke disposisjonsfondet. Vi treng bufferar for å handtere auka renter og avdrag og auken i utgiftene i lovfesta tenester, særleg innanfor helse og omsorg.
Rekneskapen er ikkje ferdig revidert så endringar kan skje etter revisjonen er ferdig med sitt arbeid.