Pressemelding – Rekneskapsresultatet i Volda 2022

Pressemelding – Rekneskapsresultatet i Volda 2022

Dronebilete av Volda sentrum  frå vasshuset mot fjorden - Klikk for stort bilete Erlend Sporstøl Vikestrand

Kommunedirektør Rune Sjurgard og økonomisjef Kari Mette Sundgot har sendt ut pressemelding om rekneskapsresultatet for 2022. 

Rekneskapsresultatet i Volda 2022– eit resultat som styrkar disposisjonsfondet. 

Det er bra for kommunen har lånegjeld og treng buffer i åra som kjem, seier kommunedirektør Rune Sjurgard og økonomisjef Kari Mette Sundgot. Kommunen fekk eit positivt netto driftsresultat på 25,2 mill. I forhold til totale inntekter utgjer dette ein resultatgrad på 2,1 %. Dette er over kommunen si målsetting på 1,75 % som er nivået for at ein skal ha tilfredsstillande økonomisk handlingsrom. 25,9 mill av netto resultat vert sett av til disposisjonsfondet som dermed er på 99,7 mill kroner.

Stor del av netto driftsresultat kjem av auka skatteinntekter og inntekter knytt til busetting av flyktningar. Skatteinntektene for kommunesektoren vart vesentleg meir enn forutsett i statsbudsjettet, og dette har også hatt positiv verknad for Volda.

Det vart gjort eit særs grundig arbeid med å betre økonomirutinane i kommunen, og dette ser ein effekt av også i år 2022. Det er gledeleg å sjå at ein har god oversikt og styring av økonomien og at ingen av sektorane har eit meirforbruk i 2022.

Oppsummert skuldast resultatet dels uventa eksterne forhold, men også interne forhold ved at vi har god økonomistyring. Det er positivt at vi kan styrke disposisjonsfondet for å ha bufferar i møte med dei makroøkonomiske verknadene knytt til inflasjon, renter og inntektsutvikling.

Det vert gjort merksam på at rekneskapen ikkje er revidert, og at det kan kome endringar etter revisjonen sin gjennomgang.

Kontakt

Rune Sjurgard
kommunedirektør
E-post
Mobil 90 05 37 52
Kari Mette Sundgot
økonomisjef
E-post
Mobil 90 60 16 80