Prøvefeil førte til klorvarsel

Prøvefeil førte til klorvarsel

Ein feil i prøvetakingsrutina førte til at vi fekk varsel om koliforme bakteriar ved Volda vassverk i går 21. februar.

Oppdatering 22.02.24 – Prøvefeil førte til klorvarsel

Ein feil i prøvetakingsrutina førte til at vi fekk varsel om koliforme bakteriar ved Volda vassverk i går 21. februar.

Feilen som blei gjort var at det vart tatt prøve av råvatnet, medan prøvetakingsflaska var merka med reintvatn som vart sendt til analyse.

Bakteriane som vi fekk varsel om blir reinsa på vassverket og kom difor ikkje ut i drikkevatnet. 

Vi blei gjort kjende med feilen før vi fekk starta kloringa av vatnet, so det har ikkje vert klor i vatnet og vil ikkje bli det i denne omgang.

 Vi beklagar at feilen vart gjort og skal oppdatere prosedyren vår, slik at vi unngår slike hendingar i framtida.

– – – – – – – – – – – – – – – –

Dette er meldinga som vart sendt ut onsdag 21. februar:

Kloring ved Volda vassverk

Ved ei rutineprøve tatt ved Volda vassverk vart det påvist koliforme bakteriar. Slike bakteriar får vi ved ujamne mellomrom i drikkevatnet utan at det er farleg for menneske. Vi vel likevel og starte kloring av drikkevatnet fram til fredag for å bli kvitt bakteriane.

Du kan nytte vatnet som normalt, men enkelte abonnentar har tidlegare reagert på forandring i smak og lukt når vi har klora vatnet og vel difor og gå ut med meldinga før vi starta opp kloring. 

Sjølv om vatnet skulle få ein annan smak og lukt, er det heilt trygt å drikke det.  

Volda vassverk  - Klikk for stort bilete Volda kommune