Sesongvaksinering i veke 43 – Uppheim 22., 23. og 25. oktober – Hornindal 24., 30. og 31. oktober

Alfabetisk oppmøte. Les meir her.

Raudt farevarsel for jord- og flaumskred

Raudt farevarsel for jord- og flaumskred

Varsel frå NVE er oppgradert til raudt farevarsel for jord- og flaumskred.

Oppgradert varsel 30.10.24:

Varsel om jord- og flaumskredfare, raudt nivå for delar av Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Nivå: Raudt. 

Gyldig frå 31.10.24, kl. 07.00 til 01.11.2024, kl. 06.59

– Ein forventar at det vil gå flaumskred når det er raudt varsel, seier Aart Verhage, regionsjef region Vest hos NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat). 

Du kan bu deg ved å:

  • Rydde plass for vatn, reinse sluk, grøfter og rør
  • Rydde ting opp frå gulvet i kjelleren, om det er fare for at vatn kan komme inn
  • Ha eigenberedskapen i orden og vere budd på at straum og mobilnett kan falle ut

Mens uvêret går føre seg bør du unngå:

  • elver og bekkar med høg vassføring
  • bratte skråningar med lausmassar - der skred kan gå
  • å køyre bil. Vegar kan bli stengde grunna flaum og jordskred

 

Det kan kome nye varsel. Sjå oppdatert informasjon og få fleire råd på varsom.no: Flom- og jordskredvarsel | Varsom.no

Kartutsnitt som viser området varselet gjeld for  - Klikk for stort bilete Kartverket

Konsekvens

Svært mange skredhendingar er venta. Fleire kan få store konsekvensar. Store hendingar kan nå busetnad, veg eller jernbane. Flaumskred har lang rekkevidde og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det løyser ut høgt i terrenget.

Råd

Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, og følg med på vêrradaren. Hald deg unna bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø, is, grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemt vatn kan forårsake skred. Beredskapsmyndigheiter må vere førebudde på at også busetnad og infrastruktur elles kan bli utsett for alvorlege hendingar.

Skildring

Det er venta svært store nedbørsmengder, stadvis opp mot 120-180 mm/døgn. Grunnvasstanden i bakken er allereie høg, og temperaturstigning i kombinasjon med sterk vind i fjellet vil bidra til snøsmelting. Det er stor fare for jord- og flaumskred i varslingsområdet. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette.

Otterdalen stengt onsdag 30.10.24, frå kl. 18.00

Fv. 5829 Otterdalsstranda: Stengt på grunn av skredfare frå onsdag 30.10 kl. 18.00. 

Sjå oppdateringar på vegvesen.no eller Info: 175.no

TIDLEGARE VARSEL:

Varsel 29.10.24:

Varsel frå NVE: Oransje farevarsel for jord- og flaumskred

Statsforvaltaren har sendt ut varsel om jord- og flaumskredfare, oransje nivå for delar av Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

arsel for deler av Møre & Romsdal, Vestland og Rogaland
Nivå: Oransje
Gyldig fra: 31.10.2024 05:00 

kart over området varselet gjeld for - Klikk for stort bilete varsom.no

 

Oppdatert informasjon finn du på varsom.no

Konsekvens 

Fleire skredhendingar er venta. Vegar kan bli råka. Flomskred har lang rekkevidde og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det løyser ut høgt i terrenget.

Råd 

Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flomsituasjonen, og følg med på vêrradaren. Hald deg unna bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vasføring. Hald stikkrenner, kummer og andre vassvegar fri for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemt vatn kan forårsake skred. Beredskapsmyndigheiter skal vurdere fortløpande behov for beredskap og førebyggjande tiltak.

Skildring 

Det er venta stadvis regn opp mot 100-150 mm/døgn og grunnvasstanden i bakken er allereie høg. Temperaturauke og sterk vind i fjellet vil bidra til snøsmelting. Dette vil auke faren for jordskred i varslingsområdet. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vasføring er spesielt utsett.