Når kan du kome på besøk?
Du kan kome på besøk på kvardagar, kveldar og helger.
Regler for alle besøkande
• Du kan ikkje kome på besøk viss du er sjuk, er nærkontakt med ein koronasmitta person eller er i heimekarantene.
• Du bør ikkje kome på besøk viss du har infeksjonssymptom.
• Det er viktig å gjennomføre god handhygiene når ein kjem og under besøket, i tråd med generelle råd for handhygiene.
• Du bør halde minst 1 meter avstand til uvaksinerte bebuarar eller pasientar.
• Du bør bruke munnbind innandørs i fellesarealer og ved nærare kontakt enn 1 meter med bebuarar. Kontakt personalet viss du treng munnbind.
• Du kan ha med gåver, blomster, mat og liknande.
• Du kan bruke toalettet på romet til den du besøker eller eit merka toalett for pårørande.
• Hund og andre kjæledyr kan vanlegvis kome på besøk. Avtal med avdelinga på førehand.
• Det vert alltid lagt til rette for besøk og fysisk kontakt i sluttfasa av livet.
Etter besøket
Viss du får påvist covid-19 etter besøket, må du opplyse om at du har vore på besøk som ein del av smittesporinga. Vi ber om at du tar direkte kontakt med sjukeheimen eller omsorgsbustaden du har besøkt så raskt som mogleg og informer om dette slik at vi kan sette i verk tiltak så raskt som mogleg.
Viss situasjonen endrer seg
Det kan bli endringar i desse rutinane viss det blir eit smitteutbrot på omsorgssenteret eller omsorgsbustadaden, eller om Volda kommune må innføre eit høgare tiltaksnivå som følge av smittepresset i samfunnet.