Retningsliner for tilskot til skogsvegar 2023 i Volda og Ørsta.
Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.
Krav til veganlegget:
• Før anleggsarbeidet vert sett i gang skal det føreligge ein byggjeplan godkjent av kommunen.
Vilkår:
Det kan setjast vilkår for utbetaling av tilskot til dei einskilde tiltaka, jf. § 3 i Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Vilkåra må vere i samsvar med formålet med tiltaka.
• Vegen skal utgjere ein del av det permanente vegnettet.
• Søknaden skal gjelde nyanlegg og/eller ombygging. Det skal vere planlagt snu- og velteplassar.
• Minste tillate indre diameter på stikkrenner er 400 mm. For stikkrenner som berre har drensfunksjon kan det tillatast indre diameter ned til 150 mm.
Prioriteringsgrunnlag for tilskot:
• Ved prioritering av søknader vert det vurdert om vegen er planlagt i tråd med hovudplan eller førebels hovudplan. Skogsbilvegar vert prioriterte føre traktorvegar.
• Løysing av flaskehalsar, snuplassar og tiltak for å få tømmerbil av offentleg veg prioriterast.
• Det vert vurdert om vegen vil bidra til å ta vekk grunnlaget for å få bygd ut større samarbeidsprosjekt.
• Samarbeidstiltak vert prioriterte framfor søknader som gjeld einskildskogeigarar, der det er grunnlag for slike vegløysingar.
• Det vert vurdert om vegen vil utløyse stor aktivitet, nært føreståande, framfør på lang sikt.
• Jordskiftevegar vert prioriterte framfor andre vegar som elles vert vurderte likt.
Søknad, sakshandsaming og utbetaling:
• Søknad på skjema SLF-903 skal sendast kommunen for kontroll og prioritering.
• Søknadsfrist for fyrste tildelingsrunde er 15. mars. Etter dette vert det eventuelt fortløpande vurdering av innkomne søknader, dersom det er att midlar.
• Skjema SLF-904 skal brukast ved utbetaling av tilskot.
• Kommunen har ansvar for kontroll av at byggjearbeidet er gjennomført i tråd med føresetnadane, godkjenning av byggjearbeidet og sluttrekneskap.
• Kommunen skal følgje opp vilkår som er sett, og i dialog med statsforvaltaren setje i verk naudsynte tiltak.
Tilskotssatsar:
• Skogsbilveg inkludert snu- og lunneplassar: inntil 50 %.
• Vegar etter hovudplan eller førebels hovudplan kan få inntil 60 % tilskot.
• Traktorveg kl. 7: inntil 40 %. Høgaste sats kan berre brukast der vegen seinare vil bli bygd om til skogsbilveg.
• Støtte til dekking av kostnader ved innleige av hjelp til vegplanlegging/byggeleiing– lik sats som tilskot til vegbygging. Ved bruk av godkjent vegplanleggjar og prosjektleiar 5 % + 3 %.
• Ved ei samstemt skogforvaltning kan det unntaksvis løyvast særskild ulempestilskot i samband med klimatilpassing/sikring etter drift. Skal avklarast med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Retningsliner for tilskot til taubanedrift, og andre driftsformer i 2023 i Volda og Ørsta
Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.
Driftsformer som ordninga omfattar:
• Taubane-/ slepebanedrift.
• Motormanuell felling til hogstmaskin i bratt terreng for å minske behovet for graving i hogstfelt.
• Treslagskifte.
• Maskinvinsj.
• Andre tiltak som bidreg til å utvikle skogbruket.
Vilkår:
• Virket skal vere registrert i virkesdatabasen.
• Kommunen skal førehandsgodkjenne drifter som løyser ut driftstilskot.
• Minstealder på ulike bonitetar for tilskot til motormanuell felling, taubane og maskinvinsj i botn av dette dokumentet. Søkjar må dokumentere alder på skogen (t.d. kopi av skogbruksplandata, boreprøve eller tal årringar) i søknad om tilskot, før handsaming. Det skal takast prøver i ulike deler av omsøkt hogstfelt.
• All skogsdrift skal gjennomførast i tråd med Forskrift om berekraftig skogbruk.
o Vilkår om tilfredstillande forynging ved løyving av tilskot
• Det skal ikkje gjevast tilskot der areal skal omdisponerast.
Søknad, sakshandsaming og utbetaling:
• Søknad på skjema SLF-916 skal nyttast.
• Ved søknaden skal det leggast ved eit detaljert kart som syner driftsområdet.
• Løpande behandling av søknadar, dette fordrar betre planlegging og innmelding.
• Minste beløp for utbetaling er kroner 2.000.
Tilskotssatsar:
• Taubanedrift: inntil 240 kr/m3.
• Motormanuell felling til hogstmaskin i bratt terreng. 60 % tilskot for dokumentert kostnad. Inntil 550 kr/time.
• Ved treslagsskifte, med forhandsgodkjenning av kommunen, inntil 250 kr/m3 for hogst av lauv og inntil 150 kr/m3 for hogst av furu.
• Maskinvinsj: inntil 50 kr/m3.
• Andre tiltak som bidreg til å utvikle skogbruket: inntil 500 kr/m3.
Det vert ikkje løyvd tilskot der bestandsalder er lågare enn:
Bonitet Lågaste hogstalder
G23 60
G20 65
G17 70
G14 75
Alderskrav til skogen kan fråvikast av helsemessige eller andre årsakar.
Retningsliner for bruk av NMSK 2023 i Ørsta og Volda
• Nyplanting: 50 %.
• Suppleringsplanting: inntil 80 %.
• Flaterydding/ungskogpleie/ringbarking: inntil 70 %.
• Planting ved treslagskifte til gran: 70 %.
• Grøfting: 40 %.
Risikovurdering ved uttak av søknader for kontroll
Risikobasert kontroll av tilskot til skogkultur og utbetalingar frå skogfond
Sjå heile dokumentet med tekst og tabellar her: (PDF, 524 kB)
Klagehandsaming
Vedtak fatta av kommunen kan klagast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Vedtak fatta av Statsforvaltaren som førsteinstans kan klagast til Landbruksdirektoratet.