Retningsliner for skogbruket

Retningsliner for skogbruket

Nye vedtekne retningsliner for skogbruket i Volda og Ørsta for 2024.

Peder Magnussen

Etter delegert vedtak 13.03.2024 er det vedteke nokre endringar i retningslinene for 2024 frå 2023.

 

Retningsliner for tilskot til skogsvegar 2024 i Volda og Ørsta

Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.
Krav til veganlegget:
• Før anleggsarbeidet vert sett i gang skal det føreligge ein byggjeplan godkjent av
kommunen.

Vilkår:
Det kan setjast vilkår for utbetaling av tilskot til dei einskilde tiltaka, jf. § 3 i Forskrift om
tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Vilkåra må vere i samsvar med formålet med
tiltaka.
• Vegen skal utgjere ein del av det permanente vegnettet.
• Søknaden skal gjelde nyanlegg og/eller ombygging. Det skal vere planlagt snu- og
velteplassar.
• Minste tillate indre diameter på stikkrenner er 400 mm. For stikkrenner som berre har
drensfunksjon kan det tillatast indre diameter ned til 150 mm.

Prioriteringsgrunnlag for tilskot:
• Ved prioritering av søknader vert det vurdert om vegen er planlagt i tråd med
hovudplan eller førebels hovudplan. Skogsbilvegar vert prioriterte føre traktorvegar.
• Løysing av flaskehalsar, snuplassar og tiltak for å få tømmerbil av offentleg veg
prioriterast.
• Det vert vurdert om vegen vil bidra til å ta vekk grunnlaget for å få bygd ut større
samarbeidsprosjekt.
• Samarbeidstiltak vert prioriterte framfor søknader som gjeld einskildskogeigarar, der
det er grunnlag for slike vegløysingar.
• Det vert vurdert om vegen vil utløyse stor aktivitet, nært føreståande, framfør på lang
sikt.
• Jordskiftevegar vert prioriterte framfor andre vegar som elles vert vurderte likt.

Søknad, sakshandsaming og utbetaling:
• Søknad på skjema SLF-903 skal sendast kommunen for kontroll og prioritering.
• Søknadsfrist for fyrste tildelingsrunde er 15. mars. Etter dette vert det eventuelt
fortløpande vurdering av innkomne søknader, dersom det er att midlar.
• Skjema SLF-904 skal brukast ved utbetaling av tilskot.
• Kommunen har ansvar for kontroll av at byggjearbeidet er gjennomført i tråd med
føresetnadane, godkjenning av byggjearbeidet og sluttrekneskap.
• Kommunen skal følgje opp vilkår som er sett, og i dialog med statsforvaltaren setje i
verk naudsynte tiltak.

Tilskotssatsar:
• Skogsbilveg inkludert snu- og lunneplassar: inntil 50 %.
• Vegar etter hovudplan eller førebels hovudplan kan få inntil 60 % tilskot.
• Traktorveg kl. 7: inntil 40 %. Høgaste sats kan berre brukast der vegen seinare vil bli
bygd om til skogsbilveg.
• Støtte til dekking av kostnader ved innleige av hjelp til vegplanlegging/byggeleiing– lik
sats som tilskot til vegbygging. Ved bruk av godkjent vegplanleggjar og prosjektleiar 5
% + 3 %.
• Ved ei samstemt skogforvaltning kan det unntaksvis løyvast særskild ulempestilskot i
samband med klimatilpassing/sikring etter drift. Skal avklarast med Statsforvaltaren i
Møre og Romsdal.
 

Retningsliner for tilskot til taubanedrift, og andre driftsformer i 2024 i Volda og Ørsta
Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.

Driftsformer som ordninga omfattar:
• Taubane-/ slepebanedrift.
• Motormanuell felling til hogstmaskin i bratt terreng for å minske behovet for graving i
hogstfelt.
• Treslagsskifte.
• Maskinvinsj.
• Andre tiltak som bidreg til å utvikle skogbruket.

Vilkår:
• Virket skal vere registrert i virkesdatabasen.
• Kommunen skal førehandsgodkjenne drifter som løyser ut driftstilskot.
• Minstealder på ulike bonitetar for tilskot til motormanuell felling, taubane og maskinvinsj
i botn av dette dokumentet. Søkjar må dokumentere alder på skogen (t.d. kopi av
skogbruksplandata, boreprøve eller tal årringar) i søknad om tilskot, før handsaming.
Det skal takast prøver i ulike deler av omsøkt hogstfelt.
• Dokumentasjon av forventa tømmerpris, driftskostnad og avvirkningsvolum.
• Kommunen kan endre tilskotet ved vesentleg endring av føresetnadane for
tilskotstilsegna til taubane. For at endring skal vere aktuelt, må endringa omsøkast av
skogeigar og vere eit avvik frå omsøkt netto på over 30 kr/m3.
• All skogsdrift skal gjennomførast i tråd med Forskrift om berekraftig skogbruk.
o Vilkår om tilfredsstillande forynging ved løyving av tilskot
• Det skal ikkje gjevast tilskot der areal skal omdisponerast.
• Tilskotet utbetalast for kvar m³ som er innmålt avverka virke minus vrak.

Søknad, sakshandsaming og utbetaling:
• Søknad digitalt via www.altinn.no/skogfondskonto eller på skjema SLF-916 skal nyttast
og alle tilskott må avklarast med skogbruksansvarleg før i igangsetting av tiltak.
Søknadar i etterkant vert ikkje prioritert eller vert avslått.
• Ved søknaden skal det leggast ved eit detaljert kart som syner driftsområdet.
• Løpande behandling av søknadar, dette fordrar betre planlegging og innmelding.
• Minste beløp for utbetaling er kr 2.000.

Tilskotssatsar:
• Taubanedrift: Tilskot=-(tømmerpris - driftskostnad (levert bilveg))*0,7 + 200.
Eigenaktive skogeigarar med taubane/slepebane: Inntil 250 kr/m3.
• Det gjevast ikkje taubanetilskot ut over 300 kr/m3 sjølv i områder med svært
vanskelege driftsforhold.
• Motormanuell felling til hogstmaskin i bratt terreng. 60 % tilskot for dokumentert
kostnad. Inntil 550 kr/time.
• Ved treslagsskifte, med forhandsgodkjenning av kommunen, inntil 250 kr/m3 for hogst
av lauv og inntil 150 kr/m3 for hogst av furu.
• Maskinvinsj: inntil 50 kr/m3.
• Andre tiltak som bidreg til å utvikle skogbruket: inntil 500 kr/m3.


Det vert ikkje løyvd tilskot der bestandsalder er lågare enn:
Bonitet        Lågaste hogstalder
G23              65 
G20              70
G17              75
G14              80
Alderskrav til skogen kan fråvikast av helsemessige eller andre årsaker.

 

Retningsliner for bruk av NMSK 2024 i Volda og Ørsta i prioritert rekkefølge:

• Nyplanting: inntil 50 %. Inntil 5 kr/plante til eige arbeid.
• Suppleringsplanting: inntil 80 %. Inntil 6 kr/plante til eige arbeid.
• Flaterydding/ungskogpleie/ringbarking: inntil 70 %.
• Planting ved treslagskifte til gran: inntil 70 %.
• Grøfting/markarbeiding: inntil 70 %.

Søknad digitalt via https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/skogbruk/ordninger-forskogbruk/
tilskudd-til-skogkultur eller på skjema LDIR-909 skal nyttast. Tiltaka skal registrerast
elektronisk av skogkulturaktørane.

 

Risikovurdering ved uttak av søknader for kontroll

Definisjonar

Sannsyn
Sannsyn for feil i ulike tiltak.

Konsekvens:
Konsekvensar av feilutbetaling for søkjar (økonomisk og juridisk), rettstryggleik (ulik
handsaming av like tilfelle), tap av omdømme for ordninga i samfunnet.

Risiko
Sannsynet for feil og konsekvensen av feil i form av omdømetap, feilutbetaling, ulik
handsaming.
Risikovurdering:
Risikovurderinga er sannsynet for at ein situasjon oppstår multiplisert med konsekvensen
av at dette.

Når det gjeld sannsynet for feil, skal ein vurdere kva for tiltak og tilhøve som utgjer høgast
risiko.

 

Rutinar for handsaming av søknader før og etter kontroll
Sakshandsamar skal gå gjennom søknadene før kontrollen i felt for å sjekke slik at desse får
spesiell merksemd under kontrollen i felt.
Sakshandsamar skal bruke ØKS som kjem inn frå søkjar eller vert sendt ut slik at all
kommunikasjon (E-post, telefon, SMS eller andre medium) mellom søkjar og sakshandsamar i
samband med gjennomgangen er dokumentert i ettertid.

 

Risikobasert kontroll av tilskot til skogkultur og utbetalingar frå skogfond:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klagehandsaming

Vedtak fatta av kommunen kan klagast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Vedtak fatta av
Statsforvaltaren som førsteinstans kan klagast til Landbruksdirektoratet.

 

Du kan lese heile dokumentet med tekst og tabellar. (PDF, 368 kB)