Sak om finansiering av symjeanlegg i Volda sentrum er trekt frå sakskartet

Sak om finansiering av symjeanlegg i Volda sentrum er trekt frå sakskartet

Volda kommune har motteke klage frå selskapet HENT AS på utfall av evaluering av tilbod på symjeanlegg i Volda kommune. Klagen er omfattande og det er behov for tid til ei juridisk vurdering av spørsmåla som kjem fram i klagen.

Kommunestyret har som ein konsekvens av dette trekt saka i dagens møte. Ein har ikkje teke stilling til finansiering av prosjektet. Kommunen kjem med meir informasjon i saka når det er teke stilling til klagen.