Han skal i første rekke representere kommunane på søre Sunnmøre i partnerskap med Helse Møre og Romsdal HF. Stillinga er oppretta etter initiativ frå Sunnmøre regionråd og er kombinert med sekretærfunksjon i sjustjernenettverket for helse og omsorg.
Oddvar Marøy er ein av fire som har slik koordinatorfunksjon i Møre og Romsdal. Han har bak seg mange år med erfaring frå administrasjon og leiing av helse og omsorgstenester i Ørsta kommune.
Helsefelleskapet kom i stand i 2019 som del av avtale mellom regjeringa og KS og er eit av tiltaka i «Nasjonal helse- og sjukehusplan», for å styrke samhandlinga mellom helseføretaka og kommunane. Intensjonen med satsinga er å styrke og utvikle den helsefaglege samhandlinga slik at innbyggjarane opplever å verte møtt av ei samla helseteneste.
I Møre og Romsdal er det bestemt at ein skal samarbeide om ein koordinator i kvar sjukehusregion i denne satsinga. Volda sjukehus har sjustjerneområdet (Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda) som sitt nedslagsområde. Volda kommune har som vertskommune for sjukehuset fått i oppdrag å vere vertskommune for stillinga som skal gå inn i rolla for å styrke dette samarbeidet.
Sjustjernekommunane har valt å kople saman sitt etablerte nettverk innan helse- og omsorg, for på best mogleg måte å ta med kunnskap og kjennskap til dei kommunale helse- og omsorgstenestene inn i samhandlinga med spesialisthelsetenesta.
Ordninga med helsefelleskap føreset god samhandling med fagmiljø i kommunane og i helseføretaket, og nært samarbeid med både politisk og administrativt nivå i kommunane.
Oddvar Marøy ser fram til å arbeide i partnerskap med helseføretaket og medverke til eit samla betre helsetilbod til innbyggjarane.